Autopass, galskapens system

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Er det lov i dette landet å beslaglegge andres pengar? Nei, normalt er dette sjølvsagt ikkje lov. Derimot i Autopass systemet kan ein tydeligvis gjere dette, og samtidig selge ei vare utan å gje godkjent kvitering på salget.

Autopass systemet er galskapens system.

Når dei opent og utan blygsel innfører eit system som beslaglegge 10% av dine pengar til ein kvar tid, så må dette vere regelrett svindel! Kor mykje pengar på landsplan vert disponibelt for Autopass som du som forbrukar ikkje kan disponere ?

I tillegg påfører Autopass 32% dyrare ferjebilett for bil med førar, og skal ein ut og reise, må ein altså «ta med naboen» på turen for å unngå denne enorme auken i ferjekostnadane.

Vårt næringsliv får 8-38% auke i kostnadane medan det blir gratis for person, der kostnaden altså vert lempa over på næringslivet. Oppfattar at både AP med vår fylkesordførar samt SP er ute og støttar innføringa av Autopass! Innbyggjarane og næringslivet får den politikken dei har bestilt ved å stemme fram eit raud/grønt fleirtal med SP og AP her i fylket.

Folk ringer meg i hopetall ang Autopass og forslaget frå fylkesrådmannen om kraftig ferjetakstauke. Dei som stemte FrP får det dei stemte på, då vi gjer det vi kan for å droppe innføringa av både Autopass og auka ferjetakstar. Dei som ikkje stemte på oss, kan berre ringe SP og Kristin Sørheim, samt dei andre i fleirtalet som har hovedansvaret for ferjekostnadane og ferjedrifta her i fylket.

Artikkeltags