Tørt eller vått – ille eller godt?

Leder Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsda.

Leder Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsda.

Av
DEL

MeningerDriva hadde gladnyhende i april om bøndene i Nedre Surnadal som no kunne pløye tørr jord etter at Fylkesmannen har reinska opp attgrodde elvelaup i naturreservatet i Surna. Blir alle glade?

Store område i nedre del av Surna er prega av elva. Her er deltaområde med våte og tørrare område om kvarandre. I tidlegare tider blei det som var mest eigna dyrka som åker, anna areal blei brukt som eng og varierte beitemarkar. Noko areal eigna seg ikkje for bonden og fekk ordne seg sjølv.

Over lang tid har det meste gått i ei retning. Område er fylt opp og bygd på. Område er drenert. Enga som framleis er eng blir no slått mykje tidlegare enn før, lenge før ein del av fugleartane har gjort seg ferdig med ungestellet.

Omtrent samtidig med artikkelen i Driva kjem FN med ein ny rapport om at det biologiske mangfaldet er ille ute, minst like kritisk som klimaendringane. Held vi fram som vi har gjort, vil artsmangfaldet minke mykje og mange av mekanismane som pollinering av nytteplanter vil bli øydelagde eller dårlegare. Plutseleg har vi ordna oss slik at vi ikkje lenger kan brødfø dei som lever på kloden.

I det som før var våtmarksfuglane sitt rike er det mindre og mindre vått. Kan hende burde grøftene ha vore tetta i staden for opna.

Når journalisten i same artikkelen skriv at det i fjor var 30 % nedgang i produksjonen som følgje av tørke, så burde vi kanskje ha høyrt meir på våtmarksfuglane?  Kanskje det eigentleg er greitt at nokre areal er litt våte? No er det våtmarksfuglane sin tur til å få forbetringar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags