Eit val for rettferdig fordeling

Av
DEL

LeserbrevVi ser no at forskjellane i makt og rikdom aukar. Vi har ei regjering som sei at dei må gjere alt dei kan for å behalde dei små forskjellane, men ikkje gjer det som kravs. Om ikkje lenge er det kommunestyre- og fylkestingsval. Og då er det veljarane som skal bestemme om forskjellar skal fortsette å auke, om bestemor og barn skal ut på anbod og om klimagassutslepp skal ned.

På skular kringom er det i snitt 14% av barn som ikkje har med seg matpakke på skulen, og ifølgje Ungdata-undersøkinga er det 13% av barn som er mykje plaga med depressive symptom i Møre og Romsdal. Når helseføretaka må kutte i alt mogleg er det ofte psykisk helse det går ut over. Staten sender ut midlar til skulehelseteneste som ikkje blir øyremerka, som snarare blir brukt på veg. Og vi har ei regjering som meiner at det skal vere opp til kvar enkelt kommune å bestemme om dei fattigaste familiane skal få barnetrygd eller ikkje.

Vi treng kommunestyre som emnar å prioritere tiltak som jamnar ut sosiale forskjellar. Som tek den psykiske helsa til barn på alvor. Og som bestemmer at dei fattigaste familiane skal få barnetrygd. Det får du garantert med SV. Vi skal kjempe for gratis skulemat, skulehelsetenester med psykolog og helsesjukepleier og at barnetrygda ikkje skal reknast som inntekt når sosialstønad utbetalast.

Men pengar er eit problem. Regjeringa pålegg kommuner reformar og målsetningar, som for seg sjølv eigentleg er gode, men som manglar økonomisk oppfølging. Samstundes arbeidar regjeringa hardt for å fjerne moglegheiter kommuner har for å styrke eigne budsjett. Det er svært avgrensa kor mykje ein kan trylle fram av pengar ved å sjå på driftsmodellen, slik som Framstegspartiet likar å seie dei skal gjere. Og skal ein privatisere gjer ein i praksis frå seg mange av moglegheitene ein har som eit kommunestyre for å påverke, samstundes som ein sei seg villig til å la kommunal kapital flykte landet.

Vi i SV tek den utfordringa på strak arm. Vi klarer neppe å få gjennom alt vi vil så lenge vi ikkje har regjeringa i ryggen, men vi skal gjere alt vi kan med det vi har tilgjengeleg. Så får vi sjå om to år då det skal bli regjeringsskifte.

Heldigvis er regjeringsmakta og kommunestyra konkurranseutsett, der den beste politikken skal vinne fram. Då er det stemmane til dei mange som har makt – ikkje pengane til dei få.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags