- Stopp firefeltsveg i Molde

Frank Sve er fylkesordførarkandidat, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

Frank Sve er fylkesordførarkandidat, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

Av
DEL

Meninger« Eit nytt fleirtal i Molde kan stoppe planane til Statens vegvesen og dagens fleirtal i Molde, for ein firefeltsveg som raserar strandaområda i noko av byens flotteste rekreasjonsområder»

Ein tunell frå Bolsønes til Lergrovik må byggast, uansett kva løysing ein velger for E39 over Romsdalsfjorden.

Realitetane er nok at i dei fire neste åra, er ei ekstra 5 ferje over Romsdalsfjorden det som innbyggjarane ynskjer, og som er det einaste realistiske økonomiske alternativet.

Fleire avgangar og betre nattilbod er det vi bør arbeide aktivt for, også for øyane Otrøya og Gossen.

Skal ei ferjefri fjordkryssing av Romsdalsfjorden prioriterast, vil også flytebruer/ Romsdalsaksen måtte utgreiast på lik linje med nivået til Møreaksen.

Iveren etter bypakkar med omfattande bompengebruk møter eit aktivt opprør landet rundt.

Her i fylket er det bompengeopprør i Ålesund, og snart 10.000 personar er medlemmar av Nei til bompengar i Ålesund.

I Molde oppfattar eg heller ikkje at innbyggjarane og næringslivet går i «Fakkeltog» for å betaler titusenvis av kr i året i bompengar.

Nye politikarar i Molde bystyre og i fylkestinget bør i samarbeid arbeide for å utvikle Molde by på ein god og framtidsretta måte, utan å måtte rasere store delar av flotte Molde by og måke på med bompengar!

Det er du som bestemmer kva politikarar kommunen og fylket får, og dette tek du stilling til den 9 september i kommune og fylkestingsvalet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags