Godt norsk språk - identitetsmerke eller tidstjuv?

Av

Ei ny språklov skal leggast fram for stortinget i nær framtid. Vi er mange som er spente. Nokre av oss er også urolege.

DEL

MeningerNorsk historie vitnar om at ikkje alle parti og politikarar er gode talspersonar for ein framtidsretta språkpolitikk som tar omsyn til heile den norske språkhistoria, sikrar jamstellinga mellom nynorsk og bokmål, og betrar vilkåra for dei nasjonale minoritetsspråka.

Høyringsfristen på det utkastet som er laga, var 15.november. Det er interessant å sjå kven som har levert høyringsfråsegner, 116 til saman. Blant desse er berre 6 fylkeskommunar, men ikkje Møre og Romsdal, men både Vestland og Trøndelag. Berre 9 kommunar har levert uttale, og blant desse er Ålesund den einaste frå vårt fylke. 14 enkeltpersonar har levert synspunkt. Elles er det hovudsakeleg organisasjonar og institusjonar som er opptatt av språket vårt. Blant desse er 10 universitet og høgskolar, tunge språkbrukarar, og mange frivillige organisasjonar som Bokmålsforbundet, Riksmålsforbundet og Mållaget.

Generelt

Generelt er mykje positivt sagt om lovutkastet og om kor viktig språket er. Frå den norske kyrkja heiter det mellom anna: «Språk er ytringskultur som gir gjenkjennelse og nærhet. Det skaper stolthet og trygghet for enkeltmennesket å kunne ytre seg på sitt morsmål innen samfunnsliv og i det offentlige rom, men ikke minst i enkeltmenneskets gudstjenesteliv og religiøse utfoldelse. Det er derfor av betydning langt utenfor kirken at det ukentlig holdes gudstjenester med liturgi og salmer på bokmål, nynorsk, samisk, kvensk og tegnspråk som helligspråk for dagens mennesker, og at kirken bruker disse språkene som sitt administrasjonsspråk»

Svekka jamstilling?

Utkastet synest å fjerne plikta for statstilsette til å kunne både nynorsk og bokmål. Høgskulen i Volda (HVO) seier om dette: Eit fundament i denne lova er den plikta ei nærare definert gruppe av tilsette i staten har til å nytta begge dei norske målformene i arbeidet sitt, ei plikt som i praksis byggjer på føresetnaden om ein grunnkompetanse som igjen har basis i den pliktige skriftlege sidemålsundervisninga i skulen. Desse to pliktene støttar gjensidig opp om kvarandre, og dei gjeld for nynorskbrukarar så vel som for bokmålsbrukarar. Som verkemiddel i norsk språkpolitikk har dei lang tradisjon, og som grunnleggjande prinsipp er det viktig at dei blir liggjande fast også for framtida. Nødvendige unntak eller tilpassingar må utformast og praktiserast slik at dei ikkje rokkar ved sjølve det prinsipielle utgangspunktet.

Dersom det ikkje i utgangspunktet er eit krav om at dei tilsette skal meistre både bokmål og nynorsk, vil det med stort sannsyn føre til mindre nynorskkompetanse i organet samla. Dette vil få følgjer særleg for moglegheitene nynorskbrukarar vil ha til å få svar på eige skriftspråk, men også til å få sjå skriftspråket sitt i ulike tekstar frå det offentlege. Dersom eit statsorgan har særlege grunnar for å tilsetje folk utan denne kompetansen, finst det allereie i dag ei moglegheit til å gjere unntak. Vi føreslår derfor at regelen om at statstilsette skal meistre bokmål og nynorsk blir ståande, og at det også følgjer med ei formulering om unntak frå denne regelen.

Om namnebruk

Fleire kontroversielle namn har kome dei siste åra (jf Vy og Oslomet). Ålesund kommenterer dette: Ålesund kommune sluttar seg til kravet om at offentlege organ skal følgje offisiell norsk rettskriving, og ha norske namn, både på bokmål og nynorsk.

Paragrafen bør få eit tillegg der det går fram at statsorgan har plikt til å be Språkrådet om råd om skrivemåte og namneskikk før det gjer vedtak om namn.

Sanksjonar?

Noregs Mållag meiner at den nye språklova treng sanksjonar. Noreg har hatt ei mållov sidan 1930 og har til gode nokosinne å vere i nærleiken av å oppfylle krava lova stiller. Nynorskbrukarar har klaga over manglande nynorsk (der lova krev det) i alle desse åra, men urovekkjande ofte vorte møtte med liten motivasjon frå statleg side til å rette opp feilen. Skal du t.d. ta eksamen på eit universitet, og oppgåva ikkje ligg føre, har du to val: bruke bokmålsteksten eller ikkje få teke eksamen den dagen.

Ingen tør satsa på at rettane i realiteten strekkjer seg så langt at ein har krav på ny eksamen nokre dagar seinare - lova har jo ikkje sanksjonar. Eller du er sjuk og pasient og søkjer Pasientreiser om refusjon av reisekostnader. Dei bruker bokmål same kor mange gonger du ber om nynorsk. Igjen har du to val: stå på retten din og la saka gå i det uendelege utan løysing og utbetaling, eller få pengane dine (med bokmålsvedtak), innan rimeleg tid.

Tidstjuv eller tåkedott?

Medan vi ventar på det endelege framlegget, kan vi undre oss over det nyleg avslutta Tidstyv-prosjektet, om samhandlinga mellom forvaltninga og privat næringsliv, og der enkelte etatar m.a. viser at dei oppfattar mållova og nynorskkrava som ein tidstjuv som hindrar rask og effektiv saksbehandling.

Kanskje burde dei bruke meir tid på Klarspråkprosjektet, som har som mål å fremme eit klart og brukartilpassa språk som fremmar kommunikasjon og tillit, sikrar rettstryggleik og demokrati, og er effektivt både med tanke på tid og pengar. Alt for ofte blir det formulert «tåkedottar». Dei finst det mange av, flest på bokmål, men også på nynorsk. Til dømes finn vi denne frå eit nokså ferskt fylkeskommunalt plandokument, der kommunikasjon og mobilitet er nøkkelord: «Betra kommunikasjon og samferdsletilhøve gjev større moglegheit for mobilitet og aukar folkesetnaden si rekkevidde.»

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags