Tidene og situasjonar forandrar seg. Og dei forandrar seg fort. Etter regjeringspartia møttes på Hurdal hausten 2021, skulle vi for første gang på to år forsøke å leve normale liv igjen. Ikkje minst skulle den nye regjeringa vår få vise landet ei sterkt ønska ny retning. Det var iallfall det eg gledde meg til då eg skåla 2022 - det nye året - inn i lag med gode venner.

Men normaliteten lèt vente på seg. Og det er ingen grunn til å tru eller håpe at 2023 blir noko betre. Men éin ting er sikkert: Sosialdemokratisk politikk er viktigare enn nokosinne.

Det er hovudsakleg to grunnar til at 2023 blir eit strammare år på alle vis, og for dei flestes lommebøker: Korona og Putin. Konsekvensane etter to år med pandemi og Putins krigføring i Ukraina er brutale: Prisane på drivstoff går opp. Prisen på straum går opp på grunn av ei energikrise. Og prisen på matvarer går opp. For å møte dei stigande prisane, inflasjonen, set Noregs Bank òg renta opp. Alt dette gjer innhugg i folk sin økonomi.

For renta og for inflasjonen er eit innhugg i folks økonomi bra. Vi ønsker nemleg å roe ned den heite norske marknaden og den sterke etterspørselen etter varer no. Folk må bruke mindre pengar og kjøpe færre varer og tenester for at ikkje prisane skal drivast endå meir opp, og for at ikkje motsvaret til prisstigning blir ein endå høgare og raskare renteoppgang enn varsla.

Mange roper no om hjelp til dei høge prisane; politiske parti, næringsliv, kulturliv og folk frå alle samfunnslag. Det er forståeleg når vi er i ein ny kvardag der alt har vorte dyrare enn kva vi er vande med. Men for dei fleste med lån er rentene den desidert høgaste utgifta. Det er derfor regjeringa vår har èin faktor aller fremst i pannebrasken når vi no skal legge statsbudsjettet for neste år: Renta.

Det viktigaste vi gjer no er verne folk mot høgare og raskare renteauke enn nødvendig.

Derfor må vi som politikarar stramme inn på kva staten bruker pengar på. Vi må halda igjen på oljepengebruken. Vi kan ikkje kaste pengar på kvart problem slik Høyreregjeringa sin metode i åtte år var. Vi kan ikkje legge pengar på det alle ber om hjelp til. Det er no tid for trygg økonomisk styring.

Det betyr ikkje at vi ikkje skal ha fleire tankar i hovudet på same gang, det betyr berre at prioriteringa blir beinhard og at gode prosjekt vil bli sett på vent. Vi må sørge for å skjerme vanlege folk sin økonomi så godt vi kan, og så skal vi prioritere dei som treng det aller mest. Vi skal prioritere grunnleggande velferdstenester, grøn omstilling og kraftutbygging. Og vi skal prioritera omfordeling: Der dei rikaste må bidra meir.