Gå til sidens hovedinnhold

Viss veret vil: Strandmesse i Bøfjorden

Artikkelen er over 1 år gammel

Den vakre husmannsplassen Bøkleppnausta er arena for Åsskard sokn si tradisjonsrike friluftsgudsteneste komande søndag.

Sokneprest Kristin Strand forrettar, organist er Bernt Bøe og ei korgruppe deltek. Søndagens takkoffer går til arbeidet i Åsskard kyrkjelyd og kan gjevast i kontantar eller like gjerne på vipps-nummer som blir kunngjort.

Kyrkjevert Eva Jorid Svendsen oppfordrar folk til å ta med seg eigne stolar, men soknerådet ordnar elles med trebenkar for den som treng.

Kleppnausta ligg ved sjøen like søraust for garden Bøkleppen ytst på Bølandet. Turen til den trivelege strandplassen kan ein gjerne ta som trim - til fots, på sykkel eller i båt. Ein mindre parkeringsplass ligg like ved, men bilar kan med fordel settast i svingen på Orahaugen, straks før ein kjem til garden.

I tilfelle dårleg ver blir gudstenesta halden i Åsskard-kyrkja. Det blir da kunngjort ved skilting.

Kommentarer til denne saken