Gå til sidens hovedinnhold

Vil produsere el-bilar utan gruvedumping i sjø

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nikkel, koppar, litium, kobolt og grafitt er nokre av materiala som blir brukte i batteri til el-bilar. Mange gruveselskap vil levere desse materiala, men etter press frå kundane, stiller bilprodusentar nye og strengare krav til korleis batteria blir produserte. Produsentane godtek ikkje lenger at materiala har blitt vinna ut på naturen si rekning, og mange vil ikkje handle med gruveselskap som bruker sjødeponi. Norske selskap som planlegg å levere material til elektrifisering, eller sjølv produsere batteri, bør særleg merke seg denne internasjonale utviklinga.

Det finske gruveselskapet Terrafame satsar på å setja opp verdas største fabrikk for produksjon av nikkel til batteri i 2021, og direktør Joni Lukkaroinen sa nyleg: «Kundane er vil ha berekraft. Det er årsaka til at elektrifiseringa skyter fart. Europeiske kundar vil vite kvar metallet kjem frå, og korleis det blir vunne ut – ikkje barnearbeid, ikkje sjødeponi – kundane seier klårt nei til slikt.»

Industri- og gruveselskapet Eramet, som har tre smelteverk i Noreg, skal produsere nikkel frå ei ny gruve i Indonesia, og avviser å dumpe gruveavfallet i sjø. Miljødirektør Samuel Dufay uttalte nyleg: «Dette er ein gamal praksis frå den industrielle revolusjonens tid på 1800-talet, ein æra vi trudde var forbi. Den finst likevel også i dag, i 15 av verdas 2.500 gruver. Det er ikkje til å tru at nokre gruveselskap vurderer å bruke dette i prosjekt som skal levere til produksjon av elektriske bilar. Eramet har teke ei klår og fasta haldning, vi vil ikkje bruke denne teknikken.» Til EU-kommisjonen skriv Eramet at sjødeponi bør bli svartelista: «Using this solution would damage the efforts made to ensure the greening of the whole battery supply-chain, hence it must be blacklisted.»

Bilprodusenten BMW slutta seg i år til IRMA, eit system for miljøstandardar i gruvedrift, som ikkje aksepterer dumping av gruveavfall i sjø. Tesla har nyleg forsterka miljøkrava til dei som skal levere material til batteriproduksjon. Ikkje lang tid etter Teslas utspel, trekte eit kinesisk selskap søknaden om dumping av avfall i sjø frå ei ny indonesisk nikkelgruve.

I Noreg er det no fleire selskap som planlegg å starte opp produksjon av batteri eller å levere material til produksjon av el-bilar og andre område for elektrifisering. Den internasjonale utviklinga tyder på at også dei norske selskapa bør halda seg langt unna material produsert i gruver der gruveavfallet blir dumpa i sjø. Dette bør investorar merke seg.

Vi minner om vedtaket på den internasjonale naturvernkongressen i 2016 (IUCN): «Ber alle statar å forby deponering av gruveavfall i sjø for nye gruver så snart som mogleg, og å planleggja ein stopp for pågåande sjødeponi.» I 2019 la Chile ned forbod mot dumping etter 2023. No er det på tide at også Noreg følgjer opp, for ikkje å koma heilt i utakt med internasjonal utvikling.

Kommentarer til denne saken