Gå til sidens hovedinnhold

Vil gi 200.000 kroner til ferjeaksjon

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik tilrår at fylkeskommunen støttar arbeidet til Ferjeaksjonen i Møre og Romsdal.

Fylkesutvalet behandler saka måndag 22. februar.

I saksframlegget står det at Møre og Romsdal fylkeskommune har arbeidd for ei betre ferjefinansiering i lengre tid, og at «Ferjeaksjonen i Møre og Romsdal» vil vere ein medspelar i dette arbeidet.

«Ferjeaksjonen i Møre og Romsdal» er ein interesseorganisasjon som arbeider for lågare ferjetakstar og gode ferjeløysingar på kysten. Foreininga skal også arbeide for å synleggjere behovet for, og konsekvensane av, at næringsliv, pendlarar og innbyggjarane på kysten må ha same transportkostnader som resten av landet.

Kommentarer til denne saken