– Viktigare enn om du skal sitje i regjering, Hareide!

Kart: Statens vegvesen. Tillegg: Lars Valderhaug.

Flytebru til Otrøya og trasé til Hjelvik (110 km/t) er no uaktuelt grunna høge kostnader.

Kart: Statens vegvesen. Tillegg: Lars Valderhaug. Flytebru til Otrøya og trasé til Hjelvik (110 km/t) er no uaktuelt grunna høge kostnader.

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.«Hvor utgangspunktet er som galest, blir resultatet titt originalest.» (Ibsen/Peer Gynt.) Som når Statens vegvesen som fagleg premissleverandør juksar med fakta for å imøtekome ynskjet frå sentrale maktpersonar, og når ca halvparten av våre fylkespolitikarar aksepterer jukset. Når fag korrumperer for å tilfredsstille makta, kven kan vi då stole på? Då ristar demokratiet i sine grunnvollar når folket gjennomskodar sviket.

Etter å ha definert deg ut av det blå/blå regjeringssamarbeidet, måtte du overlate taktstokken i KrF til dine politiske motstandarar, som ikkje brukte like blanke våpen som du. Dermed tapte du stolleiken, og såg ut til å gå mot ei framtid utan taburett, men med sete på Stortinget inntil vidare. Men Erna ville det annleis! Kanskje kunne din reentré i norsk førsteline sikre større oppslutnad om regjeringssamarbeidet innad i KrF, og såleis bidra til at partiet kom over sperregrensa og kunne sikre at Erna framleis vart statsminister? Og slik vart du samferdselsminister. Bra, tenkte eg.

I trongsteg?

Men har du kome i trongsteg, Hareide? Er du fri til å fylgje dine draumar om fergefri E39, t.d.? Eller ligg der nokre politiske føringar frå sjefen din som du ikkje kan oversjå? Ligg statsministeren sin konklusjon om at det ikkje skal tenkjast nye tankar om Møreaksen som ei klam hand over dine sjølvstendige tankar? Har du blitt bondefanga i Erna sitt nett? Eit nett der Erna og leiaren i Stortinget sin samferdselskomité (Orten) tviheld på bukta og begge endane i aksesaka i Møre og Romsdal? Orten har vore ordførar i ei kommune som no har blitt slått saman med Molde, og er ein av dei Tordenskiolds soldatar som i mange år har forsøkt å skaffe fastlandssamband til si øy ved at E39 skal gjere ein sving utom Otrøya. Og som han har fått partikollega Erna med på. Han har til og med uttalt til Sunnmørsposten at det ikkje blir noko fergefri fjordkryssing i Møre og Romsdal om ikkje Møreaksen vert bygd! Nærmar vi oss ikkje då eit maktmisbruk? Og svekka habilitet?

Det interessante spørsmålet blir då: Var det ynskjet frå Erna og Orten som fekk Statens vegvesen Midt til å kome fram til eit resultat som bryt så grunnleggjande med Statens vegvesen sine eigne prinsipp? Og som både Erna, Orten og Statens vegvesen no forsvarar med nebb og klør? Kva elles? Og nærmar vi oss ikkje då tilstandar som vi i Noreg ikkje vil erkjenne at vi har?

Vil du ikkje sjå?

Derfor: Har du kome i trongsteg når det gjeld å ta stilling til kva som er beste løysinga for kryssing av Moldefjorden/Romsdalsfjorden, tunnelløysinga Møreaksen eller Romsdalsaksen i det fri? Har du late deg overtyde av jukserapporten til Statens vegvesen? Har du sett korleis dei juksar med konklusjonane om kva dei to aksane vil koste, og kva fordelar og ulemper dei to alternativa inneber? Eller har du late att augene for dette jukset? Du er i alle høve informert.

Når ein stor statleg organisasjon som Statens vegvesen legg vekta si på ei forelda løysing med undersjøiske og landbaserte tunnelar som tilsaman er dobbelt så lange som Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel, då må vel det ha gode grunnar? Grunnar som filleristar planane om ei rein overflateløysing i det fri, som attpå alt er kortare, og som etter alle solemerke er vesentleg rimelegare å byggje og drifte enn Møreaksen? Eller trur du på vegvesenet sine juksetal som seier at Romsdalsaksen blir 6-14 mrd dyrare enn Møreaksen? Om du ikkje trur på dette, nyttar du likevel dette som grunngjeving for å vende tommelen ned for ei løysing i dagen? Gjer du gode miner til slett spel?

Nye Veier AS?

I Møre og Romsdal har mange no gjennomskoda Statens vegvesen Midt sitt ureine spel, som blir tiljubla av Møreaksen AS. Undersøkjingar har vist at dei aller fleste i Møre og Romsdal ynskjer ei overflateløysing som Romsdalsaksen i staden for tunnelløysinga Møreaksen. Kva meiner du, Hareide? Kan du seie fritt kva du meiner om dette, eller har du kome i trongsteg? Vi er mange som ventar i spenning. Vil du la Nye Veier AS få høve til å føreta ei oppdatert utgreiing og samanlikning av aktuelle løysingar utan konklusjonar på førehand, der dei får fritt spelerom til å vurdere denne saka frå A til Å? Dei kostnadane dette vil medføre er for lommerusk å rekne samanlikna med potensialet for enorme innsparingar til drift, vedlikehald og rehabilitering. Og då er det 20-tals øvrige solide grunnar for Romsdalsaksen ikkje ein gong nemnt! Grunnar som vedrører tryggleik, avstandar, synergiar, trafikkregularitet, miljø, EU-føringar og Statens vegvesen sine eigne føringar, fylkeskommunale innsparingar, teknologi og trivsel.

Har du råd og samvit til å sjå bort ifrå alt dette, statsråd? Eller er våpna dine framleis blanke? Denne saka er større og viktigare enn spørsmålet om du skal sitje i regjering.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags