Åpent brev til Surnadal kommune.

Først sa dere at den gamle pensjonsboligen skulle rives. Ja vel, for dere skulle bygge ein ny. Vi var snar om å søke.

Året har gått og vi har ikkje hørt ein pip verken fra eller til. Men dere har det sikkert veldig travelt?

Eg snakket med ein heimesykepleiar om korleis eg har det, men ho har vel ikkje gitt nokon rapport. Eg og fleire med meg begynte å planlegge å kjøpe inn ting som vi skulle ha, for vi trudde det var ein selvfølge at vi kom på den nye boligen. Men no skal dem visst ikkje rivast.

Men da begynner dere kanskje å tenke litt på den gamle pensjonsboligen vår. Det blåser og blafrer i gardinene, og rekkverket på verandaen holder på å råtne opp. Og vifta og lyset ovenfor komfyren min har ikkje virket sidan eg kom hit for cirka 20 år sidan.

Eg tilkalte ein frå kommunen, ha sa at alt måtte utskiftast, og sidan har ingen sett han. Og skal eg dusje, fer alt vannet ut i gangen. Det har vært dårlig med ettersyn, men dere legger på husleia kvart år.

Eg har det ikkje med å klage, men vi kan ikkje finne oss i alt. Dere der oppe på kommunen tenker stort! Gamle, syke og svake har ikkje krefter til å klage på noko, det veit dere godt. For oss går livet sin skeive gang.