Gå til sidens hovedinnhold

Vi vil ha halv pris på ferger!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Fergene er vår hovedveg. Vi skal ha like vilkår for samferdsel som sentrale strok i landet. Så eigentleg burde vi etter å ha betalt for ferger ALLTID, hatt gratis ferger no.

Det bør vere MÅLET.

Ferger er sjølvsagt ein del av kystfolkets infrastruktur.

Vi vil fortsette å leve i kystfylker!

Infrastrukturen i Norge må verte meir rettferdig.

Kvifor er fergeprisar og fergeavgongar ei sak vi aldri gir oss på?

FORDI DET ER HER VI BUR.

FORDI DET ER HER VI VIL BU.

Og vi har stolpetru på livet der vi bur.

Og ferger er hovedveg i våre distrikt.

For oss er det likegyldig om det er ein statleg, fylkeskommunal eller kommunal veg. Fergene må vi ta for å oppretthalde alt liv i distrikta!

Auken i fergetakstar gjer oss som bur i kystkommuner urolege for framtida.

Den sterke auken i fergetakstar som vert velsigna av Regjeringa er kritisk for heile Norge!

Møre og Romsdal HAR ikkje meir pengar til ferger.

Og la oss slutte å kaste vekk meir tid på kven og kva som har fått oss i dette uføret. La oss samle oss om LØYSINGA!

………………….

Vedtak årsmøtet i Aukra Arbeiderparti:

Aukra Arbeiderparti stiller seg bak initiativet om å få halvert fergeprisane i heile Norge NO!

På vegne av Arbeiderpartiet;

Per Vidar Kjølmoen – leiar i Møre og Romsdal Arbeiderparti og 1.kandidat Stortinget

Hanne Berit Brekken – nestleiar i Møre og Romsdal Arbeiderparti og ordførar i Aure kommune

Audhild Mork – varaordførar i Aukra og medlem i styret Møre og Romsdal Arbeiderparti

Kommentarer til denne saken