Viste du at skulane har ei særleg plikt til å undervise etter føremålet i likestillings- og diskrimineringslova? Ungdom i Noreg vel i stor grad kjønnstradisjonelle utdanningar, dette blir særleg tydeleg innanfor fag- og yrkesopplæringa. For at Noreg skal få den nødvendige kompetansen vi treng i framtida må fleire jenter velje tekniske yrkesfag og/eller realfag.

I november skal NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon) og NITO (Norges ingeniør- og teknologorganisasjon) inspirere jenter i 9. og 10. klasse til å velje seg ei utdanningsretning der teknologi og realfag står i fokus når dei skal gå vidare på yrkesfag, fagsular, høgskular og universitet. Den 2. november skal det være ein stor nasjonal live-stream til klasserom over heile landet, her kan jentene møte kvinnelege rollemodellar, få vite meir om teknologi og realfag, delta i konkurransar, og være med på andre fornøyelege aktivitetar.

Opnar dørene

Den 3. november opnar bedrifter i alle landets fylker dørene for jentene. Her får dei møte inspirerande tilsette, delta i handfaste workshops, få omvising hos bedrifta, og lære om den spennande teknologien som bedrifter i Møre og Romsdal nyttar seg av. Det er fortsatt ledige plassar til å melde seg på til bedriftsbesøk hos Hydro på Sunndalsøra og Kongsberg i Ålesund.

Utdanning innafor teknologi- og realfag gir store moglegheiter for framtidig arbeid. Vi står ovanfor store samfunnsendringar som kjem på grunn av teknologi. Ikkje alle endringane er til vårt beste så det er viktig for samfunnsutviklinga at vi får avgjerdstakarar som har teknologikompetanse. NITO sin behovsundersøking syner at 69% av arbeidsgjevarane innan privat sektor seier at dei vil trenge fleire ingeniørar i åra framover. Behovet for ingeniørar er størst innan bygg, tett fylgt av IKT og elektro. 45% synes i tillegg at det er vanskeleg å få tak i kvalifiserte ingeniørar.

I mindretal

Jenter som vel utdanning og karriere innan tekniske fag er fortsatt i mindretal, tal frå Samordna opptak syner at andelen kvinnelege søkarar var på 35,4% i 2021. Sjølv om fleire jenter har søkt seg til enkelte ingeniør- og teknologfag dei siste åra så er jenter sterkt underrepresentert, på enkelte yrkesfaglinjer er det berre 6% jenter.

Dette er bekymringsfullt. Bedriftene taper inntekter, viktige samfunnsreformer blir forsinka eller avlyst på grunn av kompetansemangel, og den kvinnelege halvdelen av befolkninga risikerer å være utan innverknad i utforminga av nye teknologiske løysningar som kjem til å bestemme over livet deira. Vi treng teknisk kompetente personar til å finne dei beste løysningane når framtidas teknologi og næringar skal utviklast og nyttast.

Det er dette som vil forme morgondagens samfunn.