Gå til sidens hovedinnhold

– Vi krev tid, rom, ressursar og støtte

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Etter eit år med ulike grader av unntakstilstand både i oppvekstsektoren og i samfunnet elles, er det få som vil vere ueinige med oss når vi hevdar at gode og kompetente oppvekstleiarar er vesentlege for at samfunnet som heilheit skal fungere. Lærarane og dei andre yrkesgruppene som arbeider i skulen har lagt ned ein fantastisk jobb med å trygge kvar enkelt elev og ivareta deira læring, trass ulike og uvante rammevilkår og heimeskule i kortare eller lengre periodar. Innsatsen «laget rundt eleven» har lagt ned hadde ikkje vore mogleg utan ei trygg og god leiing som makta å stå «i spagat» mellom uforutseielege rammefaktorar, smitteverntiltak, arbeidstidsavtalar og eit lovverk som set klare rammer for kva elevane kan krevje og forvente både fagleg og sosialt. Det å stå i konstante endringsprosessar er krevjande. Mange av våre medlemmer rapporterer at dei er slitne. For mange går det no «på helsa laus». Dette er Skolelederforbundet svært uroleg for. Vi erkjenner at vi som Noreg sine viktigaste leiarar må ta eit ekstraordinært ansvar gitt den alvorlege situasjonen samfunnet vårt no er inne i, men då forventar vi også at lokale og nasjonale styresmakter tek situasjonen mange av våre medlemmer står i på alvor.

På svært mange områder både innan oppvekstsektoren og elles i offentleg forvalting, er det i dag klare krav både til kompetanse, vaksentettleik og til leiing. Barnehagane har t.d «pedagognorm», bemanningsnorm og styrarnorm (jfr. SFS2201). I skulen har vi lærarnorm og kompetansekrav i dei ulike faga. Men på eitt felt har det lokale sjølvstyret i mange kommuner spelt falitt. Dette gjeld pkt.8 i SFS2213 om skuleleiing. Det er i realiteten ingen nasjonale kompetansekrav til skuleleiing, ingen normer for kor mange tilsette ein skuleleiar kan leie og få eller ingen føringar på kva mandat eller mynde skuleleiarar på ulike nivå må ha for å kunne leie den pedagogiske utviklinga i eigen skule.

Gjer det vanskeleg

Medlemmene våre rapporterer om svært varierande rammefaktorar og sprikande og uklare delegasjonar, noko som i mange tilfelle vanskelegjer vår leiaroppgåve og kan føre til konflikter, både på eigen arbeidsplass og mellom skuleleiing og arbeidsgjevar.

Skolelederforbundet i Møre og Romsdal er ikkje redde for tydelege og klart adresserte forventingar til kva vi som skuleleiarar skal prestere. Snarare tvert om! Vi krev at partane sentralt snarast råd tek skuleleiarprofesjonen på alvor og gir profesjonen eit klarare definert innhald. I dette ligg det klare forventingar om tydelege kompetansekrav og tal på kor mange tilsette kvar enkelt leiar bør ha ansvar for. Det må ligge klare føringar for kva leiarstruktur som skal ligge til grunn i ulike skuleslag, jfr. debatten om «Rektor - ass.rektor – inspektør - avdelingeleiar – teamleiar m.m.», samt diskusjonen om ulike modellar for handtering av personalansvaret i skuleverket. Skolelederforbundet ynskjer ei skuleleiing som er forankra i nyare skuleforsking der leiarane i første rekkje er sett til å leie læringsprosessane i organisasjonane. Vi treng også like gode vilkår for etter- og vidareutdanning på leiarnivå som det andre tilsette i skulen har tilgang til innanfor sine fag.

Krev verkty

Vi krev også at skuleeigarane rundt om i kommunene gir oss dei verkya, ressursane og leiarstøtta som trengs for at vi skal kunne utøve denne profesjonen. Berre slik kan vi stå i spissen for skuleutvikling, og saman med lærarar og andre profesjonar, vere med å bygge «laget rundt eleven».

Mange medlemer rapporterer i dag om ein arbeidskvardag om i hovudsak handlar om administrative oppgåver. Lovoppfølging og rapportering tek ein stadig større plass, og tid både til personalleiing og pedagogisk leiing forvitrar i møte med stadig nye oppgåver utan at verken tid eller ressursar fyl med. Denne politikken står i dag i vegen for skuleutviklinga i mange kommuner.

Skolelederforbundet i Møre og Romsdal krev at partane, både lokalt og nasjonalt, tek funna i FAFO-rapporten «Fra Galionsfigur til overarbeidet altmuligmann», om rekrutteringskrisa til skuleleiarstillingar, på alvor, og gir oss både tid, rom, ressursar og støtte til å utøve den profesjonen vi er sett til å utøve. Om tilhøva vert lagt til rette kan vi garantere at vi skal gjere vår del av jobben med å løfte fram den viktigaste ressursen Noreg rår over – den oppveksande generasjonen.

Kommentarer til denne saken