Verre enn Svartedauden?

Av
DEL

MeningerMykje interessant stoff om spanskesjuka 1918-19 blir leita fram no i desse epidemi-tider. Og artikkelen i TK 21/3 om spanskesjuka – slik den først og fremst arta seg i Kristiansund og Sunndal - er både interessant og tankevekkande.

For generelt er det overraskande kor lite som er skrive om spanskesjuka i både nasjonale historieverk og i lokale bygdebøker. Men då må vi og ha i mente at sjukdom og død nok var ein annan realitet for 100 år sidan enn i dag. Spanskesjuka tok til dømes om lag 1000 liv her i fylket på vel eit år. Samtidig herja tuberkulosen, og tok om lag 400 liv kvart år rundt 1919, og den heldt fram i mange tiår, sjølv om talet gjekk ned til rundt 300 kvart år fram mot 1930. Og etter kvart som kunnskapane auka om smittevegar og hygiene, er det ikkje rart at det vart slutt på spyttbakkane, og at sanitetskvinnene vart viktige i kampen for hygiene og reinsemd.

Men når TK i innleiinga til artikkelen 21/3 antyder at spanskesjuka «tok like mange liv på ett år som Svartedauden tok på fire år» - må vel dette vere ei mistyding. Spanskesjuka tok om lag 15 000 liv i Noreg på vel eit år, medan det er vanleg å rekne at mellom ein tredjedel og kanskje 50-60 prosent av befolkninga i Noreg døydde av Svartedauden frå 1349.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags