Gå til sidens hovedinnhold

Veit storbonden Bill Gates kva vi treng av mat?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Sveinung Rotevatn trur han eig sanninga om maten som klimautfordring. Gunhild Stordalen og EAT Foundation sponsa av storkapitalen trur ho eig sanninga om mat.

Veganistane trur dei eig sanninga om mat. Storbonden Bill Gates trur han eig sanninga om mat. Men veit kvar og ein av desse kva eit menneske er og treng?

Mennesket sitt fordøyingsorgan har ei tarmlengde midt mellom det vi finn hos rovdyr og planteetarar. Det medfører at vi er altetande. For optimal helse treng vi eit kosthald med stor variasjon og balanse. Med andre ord giftfri mat frå både dyr og planter. Skulle vi ete berre plantekost, hadde vi blitt skapt her på jorda som drøvtyggande vesen.

Vi treng mat frå dyr fordi landplanter manglar produksjon av B12-vitamin som vi treng for å danne modne raude blodceller fylt opp med hemoglobin. Vi treng mat frå fisk og landdyr for å få nok langkjeda omega-3-feittsyrer for optimal fysisk og psykisk helse og ein frisk hjerne. Men også korte metta feittsyrer frå ekte smør og kokosolje for sunt mikrobiom i tjukktarmen og produksjon av signalstoffet GABA (gammaaminosmørsyre).Vi treng feitt for å ta opp nok av dei feittløyselege vitamina A, D, E og K for immunforsvar og mitokondriane sin energiproduksjon. Særleg barn under 12 år er avhengige av å få nok A-vitamin. Vi treng frukt og grønsaker for å få nok av vassløyselege vitamin og mineral. Der er brennesle vår favoritt som den mest mineralrike urta på landjorda. Brenneslesuppe iblanda fleire ugrasurter er fantastisk.

Vil ha kontroll

Bill Gates er den 5. rikaste personen i verda. Han er fanatisk opptatt av global monopolistisk kontroll over både industrielle verdiar og menneske. I ein lengre artikkel publisert 5. februar 2021 skriv Robert F. Kennedy jr. at Bill Gates har kjøpt opp 1 million dekar jordbruksareal og 100.000 dekar anna landareal fordelt på 24 statar i USA. Den som kan kontrollere maten til menneska kontrollerer menneska. Vi veit at i USA blir landbruket dominert av GMO og giftbruk, særleg glyfosat.

Les også

Berekraft i ei koronatid: – Kva ville Einstein ha sagt?

Bruk av gift for å kunne redusere arbeidsintensiv produksjon har truleg vore brukt i minst 150 år. Sist på 1800-talet vart arsenikk brukt som ugrasmiddel i sukkerplantasjar. Det resulterte i oppblomstring av nerveskadar med paralyse dei kalla polio. Då nervegifta DDT vart populært insektsmiddel på midten av 1900-talet, vart det ei ny bølgje av paralyse dei kalla polio. Med innføring av DDT-forbod vart polio borte. Virus er viktig del av mikrobiomet vårt for å gi oss signal om skadeleg påverknad. Feber med nyttig ekskresjon av giftstoff er eit kjent fenomen.

Burde vore forbode

No er det glyfosat som har vorte den nye gifta på stjernehimmelen. Heile 3 ulike patent kan denne gifta smykke seg med. Det første er som chelateringsmiddel for å vaske ut mineral frå slagg i fyrkjelar. Kvifor difor også vaske ut mineral frå jorda? Det neste patentet er ugrasmiddel ved GMO-dyrking. Dette tvingar fram evolusjon til nye resistente ugrastypar. Og til sist som antibiotikum. Det kan rasere mikrobiomet både i joda og i tarmen.

Glyfosat stimulerer også produksjon av proteinet zomulin som regulerer tarmpermeabiliteten og difor er årsak til IBS / LGS med autoimmune og allergiske sjukdomar pluss fleire andre lidingar. Dermed blir også blod-hjernebarrieren meir porøs med aukande opphoping av giftstoff i hjernen. Slik kan risikoen for demens og Alzheimers sjukdom bli større. All bruk av zonulinstimulerande kjemi burde vore forbode også i den farmasøytiske industrien.

Bort med glyfosatbøndene

Målet vårt må vera høgast mogeleg sjølvberging med kjøt frå dyr som har beita på fjellet og i utmark, eller fôra med giftfritt gras. Dessutan fisk frå reint hav utan mikroplast, og grønsaker og frukt frå norsk giftfri matproduksjon.

Vi må bort med glyfosatbøndene og betale prisen for allsidig giftfri matproduksjon. Kjøp økologisk så sant det er tilgjengeleg. Om Norge er ein sjølvstendig og suveren nasjonalstat må det vera politikarane i regjeringa og på Stortinget sitt ansvar å forby sterkt helseskadeleg giftbruk i vår nasjonale matproduksjon. La oss kvitte oss med gifttolererande politikarar ved neste val!

Fri oss frå importert mat levert av storbonden Bill Gates eller kapitalkreftene bak EAT Foundation. La oss sleppe globalistmerkeberaren Rotevatn sin utopiske fantasi om klimavenleg matimport. La oss heller heie på Jenny Klinge sin frustrasjon over regjeringa sin intensjonen om å eliminere det norske kjøkenet for heller å fôra oss med industrimat dyrka av storbonden Bill Gates.

Kommentarer til denne saken