Både leiinga i Norsk Vegansamfunn og sjølverklært dyrevernar Berit Helberg er provoserte over at eg på godt nordmørsk vis har kalt ein spade for ein spade – i dette tilfellet Norsk Vegansamfunn, for ein gjeng med fanatiske kjøtthatarar.

Det var sjølvsagt sett på spissen, men dersom dei hadde lese det eg sa skikkeleg, ville dei fått med seg at eg ikkje gjekk laus på kvar enkelt veganar.

Det går nemleg an å skilje mellom eit livstilsval som enkeltmenneske av ulike grunnar gjer og den ideologien som Norsk Vegansamfunn går i bresjen for. Eg respekterer at folk et som dei gjer. Det må likevel gå an å ha klare meiningar om organisasjonen Norsk Vegansamfunn all den tid dei ønskjer å få trusstøtte, og det var jo dette eg kritiserte i Nettavisen 25/7.

Grunngjevinga deira for å søkje om støtte er nemleg talande for kva dei ønskjer å oppnå med aktiviteten sin, men heng dessverre ikkje heilt i hop med føremålet med trusstøtteordninga. Eller kva? Nestleiar Samuel Rostøl i Norsk Vegansamfunn sa til den svenske nettsida Anlib dette då han skulle forklare kvifor dei no vil søkje om trusstøtte (gjengitt iNettavisen 27. juli): «Det gjør at vi kan ta vekk medlemsavgiften, som er et hinder for mange unge mennesker, og at vi i større grad kan konkurrere med kjøttlobbyen».

Sikrar mot svelt

Kven er denne «kjøttlobbyen» som vegansamfunnet vil bekjempe? Jo, det er rett og slett dei som forsyner oss nordmenn med mat. Det er dei som sikrar at vi ikkje svelt. Animalske produkt er grunnleggjande viktige for å sikre matproduksjon og matberedskap i dette kalde, våte og bratte landet vårt. Saman med frukt, bær, rotfrukter, grønsaker og korn gir kjøtt, fisk, egg og mjølkeprodukt oss nordmenn det vi treng for å vera eit folk med gjennomsnittleg svært høg levealder og god helse.

Det er faktisk ikkje greitt om nokon prøver å spreie ei vrangførestelling om at fem millionar nordmenn kan overleva på plantevekstar, og at norsk landbruk er så «omstillingsdyktig» at det ikkje er noko problem å kutte ut husdyrhaldet. I storparten av dette landet er det gras og beitemark som er matressursane våre, gjennom at sauer, geiter og kyr omdannar energi frå graset til mjølk og kjøtt. Jorda og klimaet set klare begrensningar for kva vi kan dyrke, og det vakre kulturlandskapet gror att veldig mange stader dersom husdyrhaldet skulle ta slutt.

Overtruisk sprøyt

Vi stortingsrepresentantar har fått ei bok om vegansk ideologi i posthyllene våre. «Fra Kriser til Fred. Organisk, Vegansk Levesett Er Svaret», står det som ein forlokkande lovnad på framsida. På baksida står det: «Vi skal våkne opp til en ny, medfølende, vegansk planet som er full av kjærlig energi, vennlighet og ustoppelige Himmelske velsignelser. Hvis alle slutter å spise kjøtt akkurat nå, så vil været forandres på en positiv måte innen åtte uker. Alt som har vært ødelagt vil bli normalt igjen innen åtte ukers tid.»

Dette er tilstrekkeleg med sprøyt til å bli rekna som overtru, men kvalifiserer dette og det vegansamfunnet arbeider for til å få statsstøtte? Eg meiner nei. Derfor meiner eg også at ordninga med støtte til trus- og livssynssamfunn må vurderast på nytt dersom det viser seg at vegansamfunnet fell inn under ordninga.

Det får rett og slett vera måte på. Og det var dette eg meinte med å kritisere «politisk korrekthet» i Nettavisen tidlegare. Vi kan ikkje bli så misforstått politisk korrekte at vi gir statsstøtte til alt mogleg. Det må faktisk gå an å kople inn fornufta og setje ned foten.

Glad i dyra

Det som forskrekkar meg med reaksjonane til mange veganarar og somme av deira støttespelarar, er den forvrenginga dei driv med av verkelegheita og av den moralske statusen til oss som har eit mangfaldig kosthald der kjøtt inngår.

Eg har vakse opp på eit småbruk, og eg veit kor inderleg glad far min var i sauene våre, slik eg vart inderleg glad i dei sjølv.

Det er mogleg å stelle godt med dyra og samtidig innsjå at dei omsider må slaktast. Eg skal ikkje spekulere i kven som blir veganarar, men det er trist om folk som ikkje har eit naturleg forhold til dyrehald og matproduksjon får ein sjokkarta reaksjon ved tanken på slakting som medfører at dei aldri, aldri meir vil eta kjøtt, fisk, egg eller mjølkeprodukt. Vi kjem ikkje til å overleve som folk dersom ein tander og urealistisk gjeng får indoktrinere mange nok.