Denne uka opna Stortinget offisielt, og Hans Majestet Kongen leste opp trontalen.
Talen var i likheit med situasjonen i Noreg og i Europa prega av alvor. I dette alvoret, i ei tid med krig i Europa, store miljøproblemer verden over, økende forskjeller og mange som sliter ekstra, da må vi politikare og fellesskapet skape tru på framtida for barn og unge. Bruke kunnskap og klokskap på å bygge samfunn for sterke fellesskap, med rettferdig fordeling og inkludering.

Eit år er gått sidan den Arbeiderparteia regjeringa tok over roret. I åtte år førte høgreregjeringen en politikk som førte til auka sosiale forskjeller mellom folk, privatisering av våre felles tenester, auka ulikheit og et mer utrygt arbeidsliv. Dei prioriterte dei store pengane til dei som allereie hadde nok fra før. Medan rekninga blei sendt til fellesskapet.

Reduserer forskjellane

Med ei Ap-leia regjering ved roret set vi no vanlige folk og fellesskapet først. Vi tek tilbake våre felles offentlege tenester som ikkje skil kor mykje du har i lommeboka, vi reduserer forskjellane mellom folk og gir like muligheiter. Vi er i gong med eit stort oppryddingsarbeid i arbeidslivet og sørger for at dei som har mest også bidreg mest. For eit sterkare fellesskap omfordeler og sikrer store og like mulihgeter for alle.

Vi har krevande tider framføre oss. Med krig i Europa. Renter som er på veg opp. Matprisauke som gjer det krevande for folk å få endane til å møtast. Vi må ta ansvar for at vi kjem trygt gjennom dei krevande tidene. Det krev at vi prioriterer stramt.

Prioriterer vanlige folk

For, etter 8 år med høgreregjering som har prioritert dei på toppen, og gitt skattekutt til dei rikaste, gjer vi det motsatte og prioriterer vanlige folk og fellesskapet først. Vi sørger for at barnehagen blir billigare slik at fleire barn kan vere ein del av fellesskapet, og familiane sit igjen med meir i lommeboka. Vi sørger for at 1.klassingane våre får gratis tid i SFO, slik at nokre barn slepp å gå heim medan andre får bli igjen.

Slik prioriterer vi også for kultur og frivillighet i heile landet. Kristiansund med BUA og frivilligsentralen er eit godt døme på det. Der dei held åpent heile hausteferien for barn over SFO-alder. Det er frivillighet og fellesskap i praksis.

Sterkare fellesskap

For at alle skal ha like muligheter prioriterer vi likestilling høgt. Der er kampen for heile og faste stillinger au ein likestillingskamp. For at vi som samfunn skal vi likestilte, har vi ein veg å gå etter 8 år med høgreregjering. Vi er i gong. Vi tek au utfordringer for menn på alvor. Difor har regjeringa satt ned eit mannsutval som ser på kva utfordringer og løysinger vi kan gjere for at menn på enkelte områder blir løfta og meir likestilte.

Til saman handler dette om kva muligheter vi gir alle i samfunnet til å leve gode og frie liv. For å kome dit treng vi sterkare fellesskap, mindre forskjeller og meir likestilling. Eit samfunn der folk har store muligheter.

Eit meir likestilt samfunn

For å skape eit samfunn med sterkt fellesskap der alle får delta, har vi eit ansvar for korleis vi gir neste generasjon muligheter og trygghet. Derfor prioriterer vi idrett i den store breidda, billige og gratis fritidsaktiviteter og utlån for utstyr. Vi prioriterer penger på å få barn og unge inn i fellesskapet, enten det er i klasserommet, i korpset eller på fotballbana.

I Stortinget kjem vi til å diskutere beredskap framover. Da må vi også diskutere den langsiktige beredskapen. For dagens barn og unge, og framtidas generasjonen. Vi må sette oss som samfunn i stand til å sørge for at barn og unge har ei lys framtid. Det er ein stor del av beredskapen vår. For våre barn og unge, for å minske forskjellane i samfunnet slik at alle kan delta. For eit meir likestilt samfunn med store muligheter for alle.