Utvalde kulturlandskap - ein nasjonal verdi

Av

Utvalde kulturlandskap i Noreg formidlar historie og gir oss opplevingar. Dei bidreg også til verdiskaping.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I Noreg har vi 46 område som har fått status som «Utvalde kulturlandskap i jordbruket» (forkorta UKL). UKL er ein nasjonal satsing der målet er å ta vare på variasjonen i kulturlandskapet, og sikre verdiar knytt til landskap, naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø.

Verdifulle område blir utvald

Dei utvalde kulturlandskapa er forma gjennom generasjonars bruk. Dei er med på å vidareføre kunnskap om driftsformer, byggeskikk og handverksferdigheiter, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Dette er verdiar som fortel oss mykje om vår forhistorie, gir oss opplevingar og er ein ressurs for verdiskaping, investering og lokal utvikling av næring.

Kulturlandskap må oppfylle nokon kriterium for å bli erklært som «utvalde». Det skal vere ein heilskap i landskapa. Dei skal ha kulturminne som viser den historiske utviklinga gjennom fleire tidsperiodar. Kulturlandskapa skal også vere representative for ein region eller ha eit spesielt særpreg, i tillegg til å ha ein stor formidlingsverdi.

Ved oppstarten i 2009 fekk 20 kulturlandskapsområde i Noreg status som «utvalde». Gode erfaringar med ordninga har gjort at talet på utvalde kulturlandskap stadig har økt. I Møre og Romsdal har vi i dag tre områder som er utpekt som utvalde: Fjellgardane i Sunndal (2009), Alnes i Giske kommune (2017) og Hjørundfjorden og Norangsdalen i Ørsta og Volda kommune (2018).

Mange forvaltarar

Kulturlandskapa rommar mange ulike og samansette verdiar. Derfor må det tenkast heilskapleg, og mange samarbeider om å forvalte dei utvalde kulturlandskapa i Noreg. Sentralt samarbeider Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Regionalt samarbeider fylkesmannens landbruksavdeling og miljøvernavdeling, fylkeskommunens kulturminneavdeling og kommunal forvaltning.

Midlar til satsinga blir satt av over Klima – og miljødepartementet (KLD) sine budsjetter og over jordbruksoppgjeret – den årlege næringsavtalen mellom staten og jordbruket. I 2020 er det satt av nær 37,3 millionar kroner til dei utvalde kulturlandskapa. Av dette er 21,8 mill. kroner satt av over KLDs budsjett og 15,5 mill. kroner over jordbruksoppgjeret. Desse midlane fordelast til kommunane der dei utvalde kulturlandskapa ligg. Ein del av midlane brukast også til sentrale felles tiltak, som skal være til nytte for alle dei 46 områda.

Viktig med mål og god dialog

Alle dei utvalde kulturlandskapa er forskjellige. Derfor er satsinga ordna slik at ein kan tilpasse tiltaka etter lokale behov og utfordringar, innanfor dei rammene som er gitt gjennom sentrale føringar og forskrifter.

Innanfor ordninga kan det gis tilskot til eit bredt sett med tiltakskategoriar. For eksempel kan det bli gitt tilskot til å sette i stand og vedlikehalde bygningar og andre kulturminne, restaurere og skjøtte areal, legge til rette for ferdsel og friluftsliv eller til å kartlegge natur- og kulturminne. Dette gjer det viktig at kvart enkelt område definerer eigne mål og prioriteringar. Slik kan ein få til ein heilskapleg- og langsiktig forvaltning av sine særeigne verdiar.

Mange områder er nyleg innlemma i ordninga. For desse vil det være eit behov å legge ein plan for vidare forvaltning. Dette krev at ein må kartlegge og innhente kunnskap om verdiane og interessene som finst i området. På bakgrunn av dette utarbeidast eit lokalt regelverk.

Kommunen forvaltar

Frå og med 2020 har kommunane overtatt forvaltningsansvaret for dei utvalde kulturlandskapa. Tidlegare låg dette ansvaret hos fylkesmannen. No er det altså kommunane som skal fatte vedtak om tilskot, sørge for utbetaling av midlar og ha ansvaret for å utarbeide forvaltningsplanar og lokalt regelverk for områda. Dette kan være ein arbeidskrevjande prosess. Kommunane må derfor få tid til å finne løysningane som på best mogleg måte fremmer heilskapleg og langsiktig forvaltning av det utvalde kulturlandskapet.

Verdiar knytt til eit kulturlandskap vil alltid avhenge og variere med den enkelte sin ståstad, vurderingar og interesser. For å lukkast i arbeidet med eit utvald kulturlandskap er det derfor viktig å ha ein gjensidig forståing av interesser, tillit og god dialog mellom alle partar: Både i forvaltninga, mellom forvaltninga og grunneigarane og mellom grunneigarane.

Vi vil på bakgrunn av dette oppfordre til aktiv deltaking, samarbeid og engasjement frå alle partar i UKL-arbeidet i åra framover.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken