Utsikta er best frå ein stoppestad

Både utsikt i verdsklasse og ferdsel i trafikken fortener 100 prosent merksemd, skriv fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen.

Både utsikt i verdsklasse og ferdsel i trafikken fortener 100 prosent merksemd, skriv fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen.

Av

I sommar vil 70 menneske skade seg i trafikken i fylket vårt, mange av dei utan at vi finn ein opplagt grunn til at ulykka skjer. Ønsket vårt for sommaren er at vegen får 100 prosent merksemd når du køyrer, sjølv om utsikta er i verdsklasse.

DEL

MeningerDei siste fem åra har 356 menneske blitt skadd i sommartrafikken i Møre og Romsdal. Åtte av dei kom aldri heim. 49 blei så hardt skadd at dei fekk varige men etter ulykka. For nokre av dei og deira næraste blir aldri livet det same.

Vi er i ferd med å legge bak oss juni, månaden der det statistisk sett skjer flest trafikkulykker. Det er dessverre ikkje noko som tyder på at trenden blir brote i år. For oss som jobbar med trafikktryggleik er det er det eit paradoks at det skjer så mange ulykker når forholda ligg så godt til rette for ein trygg køyretur.

No er det lyst omtrent heile døgnet. Vegane er tørre og berre. Men åtte av ti ulykker i sommar skjer på tørr og berr veg. Det er fleire som køyrer av vegen i sommarmånadane enn om du ser året under eitt. Det er noko som skjer med oss når snøen smeltar og sommardekka kjem på eller motorsykkelen blir tatt ut for sesongen. Blir vi mindre merksame og ukonsentrerte når det er gode køyreforhold?

Vi har val

Som trafikantar tek vi mange val. Om fart, merksemd, bruk av bilbelte, risiko, kvalitet på dekk og køyretøy og ruskøyring. Vi tek utan tvil både gode og dårlege val som trafikant. Og vi tek dei ikkje berre på vegner av oss sjølve, men også alle andre som ferdast saman med oss i trafikken og dei som bryr seg om oss.

I år er det ferie i Noreg som gjeld for dei fleste nordmenn. I ei undersøking Statens vegvesen har gjort svarar tre av fire at dei skal køyre bil eller motorsykkel på noregsferie. 68 prosent svarar at dei er mest opptekne av utsikta når dei planlegg turen. I Møre og Romsdal har vi nokre av dei best besøkte naturbaserte turistattraksjonane i landet. Mange nordmenn har truleg Trollstigen, Geiranger eller Atlanterhavsvegen plotta inn på GPS-en i sommar.

Vi tør våge påstanden om at vegen heilt fram til dei fleste turistperlene i fylket vårt er ein fylkesveg. Han er ofte smal og bygd for eit anna trafikkbilete enn det vi opplever i turistsesongen. Den krev full merksemd.

To kritiske sekund

Å ta blikket vekk frå vegen gir aller størst risiko for ei alvorleg ulykke. I følge Vegvesenet ser to korte sekund ut til å vere ei kritisk grense for ei betydeleg auke i faren for alvorlege ulykker. I løpet av dei to sekunda har du køyrt nær 50 meter i blinde om farta er 80 km/t. Over halvparten av trafikkulykkene i Møre og Romsdal skjer på fylkesvegane. I sommarmånadene er nær sju av ti ulykker ei utforkøyring eller ei møteulykke.

Det er mange gode grunnar til å stoppe ofte på biltur i Møre og Romsdal i sommar: Lokale reiselivsbedrifter byr på eit stort mangfald i opplevingar og i år treng dei besøk meir enn nokon gong. Dei nasjonale turistvegane byr på unik arkitektur i spektakulær natur. Kvar busslomme og kvar møteplass byr på instagramvennlege motiv.

Men den aller viktigaste grunnen til å stoppe: Både utsikt i verdsklasse og ferdsel i trafikken fortener 100 prosent merksemd. Da kan alle kome trygt fram dit dei skal og tilbake igjen, med opplevingar for livet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags