Gå til sidens hovedinnhold

– Utbyggingsdirektør Davik, finn deg eit politisk parti!

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

At Statens vegvesen og utbyggingsdirektør Davik nokre dagar før samferdselskomiteen legg fram si innstilling til Stortinget, inviterar til lobbymøte for Møreaksen, er rett og slett utidig politisk innblanding.

Dette er slik eg ser det, brot på grunnlaget for saksbehandling frå embetsverk og vidare til politisk behandling av saker her i landet.

Statens vegvesen ved Davik og co har for lengst avgitt saka ang NTP til Stortinget, og er såleis ute av saksbehandling.

No er det politikarane som bestemmer, og dersom Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Davik ynskjer å delta i debatten på politikarane og folket sin banehalvdel, så får Davik finne seg eit politisk parti.

Denne saka bør havne i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget og granskast der, for slik som dette kan vi ikkje ha det.

Eit stort fleirtal av innbyggjarane her i fylket ynskjer ikkje Møreaksen, snart 400 m under fjorden og med stigning på 1080 m, rett gjennom og forbi Molde. Folket ynskjer fortsatt ferjer eller Romsdalsaksen, og ventar gjerne dei åra som skal til berre Møreaksen vert skrota.

Kvifor har ikkje utbyggingsdirektør Davik klart å byggje 1 m veg i Møre og Romsdal i gjeldande NTP som vart vedteken i 2017 og fram til i dag?

4,4 milliard skulle brukast her i fylket, medan Statens vegvesen har brukt sine planleggingsresursar på Møreaksen og bypakke Ålesund, har planlegging av det dei skulle her i fylket glimra med sitt fråver.

Frp ynskjer ikkje Statens vegvesen til utbygging av Ålesund- Molde og Vestnes-Bjorli, men ynskjer at Nye Veier as skal få dette inn i sin portefølje.

Nye veier as gjer det dei vert sett til, driver ikkje sin virksomheit som eit politisk parti slik som utbyggingsdirektør Davik og STVV faktisk bedriver i Møreaksen-saka.

Nye veier as ynskjer å bygge vegane mellom fjordane fyrst, då vil faktisk Ålesund til Bjorli faktisk bli realisert og ikkje slik som no der Statens vegvesen trenerer planlegginga av dette.

Frp krev Møreaksen skrota.

Folket i Møre og Romsdal krev Møreaksen skrota.

No er det snart på tide at demokratiet fungerar og at folket får bestemme, ikkje lobbyistar i Statens vegvesen eller politikarar som ikkje bryr seg med kva folket meiner.

Les også

Når vegengasjementet renner over

Les også

Heller ikke utbyggingsdirektør Davik svarer

Les også

Vegvesenet orienterer om NTP

Kommentarer til denne saken