Mange gamle vasskraftkonsesjonar er under revisjon for å få betre leveforhold for fisk og anna liv, men i Tidens Krav 5. august græt Thor Arne Englund i Statkraft over konsekvensane for kraftbransjen. Det er spesielt eit spørsmål han ser som alvorleg: «Viktigere enn tap av kraft er tap av fleksibilitet. Fleksibilitet er nødvendig om vi skal elektrifisere samfunnet og nå våre klimamål».

Det Englund eigentleg seier, er at kraftselskapa må kunne skru vasskraftverka raskt av og på for effektivt å balansere ustabil vindkraft og kjøp/ sal av kraft gjennom utanlandskablar. Dette kallar vi effektkøyring av kraftverka, noko som er skadeleg for livet i elvene. Vi såg det i praksis i lakseelva Orkla førre sommar, då kraftverka stengte ned så raskt at haugevis av smolt og yngel vart att på tørt land.

Ved revisjon av gamle konsesjonar vil det bli stilt krav om at dei må bruke tid på å regulere kraftverka opp og ned, for å unngå miljøskade. Men utan effektkøyring av vasskraftverka kan kablane til utlandet bli mindre lønsame, då ein ikkje i same grad kan rekne med raske handelsgevinstar ved varierande prisar. Utanlandskablar (og vindkraftverk) kan dermed bli brukt for å hindre miljømessig gode revisjonar av vasskraftverk.

Enno eit sterkt argument mot fleire kablar til utlandet og nye vindkraftanlegg.