Gå til sidens hovedinnhold

– Underleg at det skal vere så vanskeleg å få til ein heiltidskultur

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ein liten notis i dagspressa under valkampen i haust fortalde oss at av alle stillingane som var lyste ut for helsefagarbeidarar i Møre og Romsdal sidan mars 2019, var 17 % heiltidsstillingar – og 78 % deltid.

Samtidig kjem det stadig oppslag om personar som arbeider ufrivillig deltid – og som vegrar seg for å arbeide i ein sektor der det er så spesielt vanskeleg å få faste og trygge stillingar (jf t.d. Sunnmørsposten 10/9-21).

I tillegg er det stor bekymring blant dei som har innsikt både i helse- og omsorgssektoren og i den demografiske utviklinga i landet over mangelen på både personar og kompetanse i sektoren.

Og for oss som har bakgrunn frå andre sektorar, er det underleg å sjå at det skal vere så vanskeleg å få til ein heiltidskultur også i helse- og omsorgssektoren, når dette temaet har vore arbeidd med i så mange år. Statistikken viser då også at enkelte kommunar synest å vere vesentleg flinkare enn andre til å skape nødvendig endring. Ny statistikk frå Fagforbundet fortel m.a. at i vårt fylke er det mest heiltid i helse- og omsorgssektoren i Aukra (som ligg godt framom dei andre), Hareid, Molde, Kristiansund og Sunndal (med 60 % eller meir), medan Sykkylven berre har 39 %, og de fleste kommunane (som Tingvoll og Surnadal) ligg på rundt 50 %.

Her er det ikkje berre snakk om kva slags verknader stillingsprosenten har på inntekt, pensjon og utviklingsmoglegheiter for den enkelte arbeidstakar – men i enda større grad kva for effekt heiltidskulturen har på rekruttering, kvalitetsarbeid og trygt og sikkert arbeidsmiljø innanfor helse- og omsorgssektoren generelt.

Kommentarer til denne saken