Det er for tida mange som ønsker å lære oss om rus og rusmiddel. NRK har nyleg starta ein stor serie, (RUS), og i fleire av lokalavisene våre får vi bli kjent med rus-team i enkelte kommunar, der også tidlegare rusmisbrukarar er med eller har starta eigne firma med tanke på informasjonsverksemd (jf Tidens Krav 19/10 og Sør-Trøndelag 16/10). I tillegg har mange aviser og blad, og til og med blad som «Pensjonisten» frå Pensjonistforbundet, jamleg store spalter med informasjon eller reklame for alkohol, hovudsakeleg vin. Elles finst det på nettet ein lang rekke nettstader som gir t.d ungdom, skoleverket eller befolkninga meir eller mindre lett-tilgjengeleg informasjon på rusfeltet. (jf t.d. Folkehelseinstituttet, Actis, RUSinfo )

Målsetting?

Det blir sjeldan skrive eller sagt kva som er målet med all denne informasjonsverksemda. Men det er kanskje mogleg å sortere ut 3-4 fokusområde:

a) Dei fleste informatørane opererer med eit skille mellom legale og illegale rusmiddel. Alkoholrusen er legal, medan dei mange ulike typane narkotika er illegale. Men skillet er ikkje skarpt, i alle fall ikkje for alle, og både i NRK-programserien og i ulike fagmiljø får vi t.d. vite at debatten om den såkalla «rusreformen» har gitt enkelte ungdommar forestillingar om at t.d. cannabis snart var eit legalt rusmiddel. Ulike typar medisinar og medikament blir i mindre grad fokusert på. For mange av brukarane er det rusen som er viktig, ikkje rusmiddelet.

b) Omsyn til alder og aldersgrenser? Ungdom er ei viktig målgruppe for mykje av informasjonen. Men lite av informasjonsarbeidet synest å legge vekt på å forklare kvifor samfunnet opererer med aldersgrenser innanfor rusfeltet. Samtidig har det etter kvart blitt meir vektlagt at den tydelege auken i bruk av rusmiddel blant eldre, har mange ekstra uheldige konsekvensar, kopla til den fysiske og psykiske helsa, medisinbruk etc.

c) «Lykkepromille» som mål? I tidlegare tider vart det gjerne operert med eit skarpare skille mellom bruk og ikkje-bruk av rusmiddel. I mesteparten av informasjonen i Noreg i dag synest det bli tatt for gitt at «alle» brukar rusmiddel, og at det er ønskeleg å «lære» folk å finne fram til ein «lykke-promille», dvs. ein promille mellom 0,5 og 1 promille. Dette har t.d. vore uttalt mål i ein del av dei introduksjonsvekene som universitet og høgskolar har hatt dei seinare åra. Situasjonen er da også no slik at talet på ikkje-brukarar av rusmiddel i Noreg er sterkt redusert, ned til rundt 10 % av befolkninga. I Italia er t.d. talet rundt 30 %.

d) Kjønnsskilnader uinteressante? Mange har umedvitne kunnskapar om dei vesentlege kjønnsskilnadene når det gjeld rusverknad og tilvenning av rusmidla, men dei blir i liten grad formidla. Interessant er det likevel at i studentinformasjon på nettet frå Trondheim om «lykkepromille», blir det operert med ulike mengde-tal for alkohol i lykkepromille-råda til gutar og jenter.

Faglege råd om rusinformasjon

Det synest å ha skjedd ei svekking av den målretta rusinformasjonen overfor barn og ungdom og befolkninga generelt dei siste tiåra. Det er fleire grunnar til det:

a) svekkinga av dei tidlegare store organisasjonane som arbeider mot rus og rusbruk (jf IOGT, DNT-Edru livsstil, MA-rusfri trafikk og deira barne- og ungdomsorganisasjonar)

b) endringa av rusinformasjonen i skoleverket, frå eigne ANT- (alkohol, narkotika, tobakk)-konsulentar i kvart fylke, eigne reise- eller informasjonssekretærar i mange av rusorganisasjonane som m.a. besøkte skolar og lokallag, informasjonsmateriell og eigne årlege rundskriv frå departement og sentrale styringsorgan om korleis ein skulle handtere ulike spørsmål i skolen omkring rus og rusproblem, eigne kurs i lærarutdanninga om holdningsskapande arbeid og rus og rusmiddel.

Problemområde

2-3 av problemområda som ein i dag stadig ser dukke opp, er desse:

a) I kva grad har tidlegare rusmisbrukarar ein rolle i rusinformasjonen?

Tidlegare signal frå fagmiljøa var i alle fall at det ikkje er uproblematisk å bruke tidlegare rusmisbrukarar som «erfaringskonsulentar» i førebyggande informasjonsarbeid mot rus. Ein tidlegare rusmisbrukar på ein skole eller i ein ungdomsflokk gir eigentleg ein tvetydig bodskap, uansett kva han eller ho seier. Med ord ønsker han eller ho kanskje å åtvare mot rusmiddelbruk og mot å gjere alle dei feilvala som han eller ho har gjort. Men fysisk viser han at dette kan ein frigjere seg frå. Faktum er jo at det er svært mange som slett ikkje greier å frigjere seg frå rusen og rusproblema, og altfor mange i landet vårt døyr pga rus, t.d. kanskje rundt 1200 årleg av alkohol, og kanskje rundt 350 i overdosedødsfall av narkotika.

b) Det problematiske rundt førebyggande rusinformasjon heng saman med at mottakarane er så ulike. Den bodskapen som for enkelte synest klar og opplagt, kan for andre bli oppfatta heilt annleis. Dette vart t.d. tydeleggjort i Sverige på 1960-talet då filmen «Englar, finst dom?» vart sendt på turne rundt til skoleverket for å åtvare mot narkotika. Til stor forskrekking oppdaga ein at den illegale narkotikabruken auka tydeleg i kjølvatnet av filmen og skildringane der av narkotikabruk, reingjering av sprøyter i klossettskåler på toalett o.l. Informasjonen som for ungdom flest syntest grei og tydeleg, verka heilt motsett overfor ungdom i utsette grupper. Den Marita-filmen (frå 1983) som kanskje var uproblematisk i foreldregrupper eller i det kristne skolelaget eller speidargrupper, bør ein ikkje utan vidare bruke i ein skole for alle. Det var m.a. lenge bodskapen frå Helsedirektoratet og Edruskapsdirektoratet.

c) Stoffsentrert informasjon?

I dag ser ein ofte informasjonsprogram omkring rusmiddel – også i NRK - der det blir lagt stor vekt på å vise fram ulike typar rusmiddel, og forklare i detalj kva som kjenneteiknar dei ulike rusmidla, når det gjeld utsjånad, effekt etc. Dette er også nokså annleis enn den bodskapen som fagmiljø formidla for nokre tiår sidan: minst mogleg stoffsentrert informasjon, legg hovudvekta på dei sosiale samanhengane og situasjonane. Dette betyr samtidig at rusen og rusproblema må drøftast og forklarast i ein brei samanheng, knytt til t.d. oppvekstvilkår og fritidstilbod, ungdomspolitikk, skoletrivsel, etc.

d) Forståing for dei restriktive tiltaka

Dersom ein ønsker å regulere og begrense rusmiddelbruken og rusmiddelproblema, må ein samtidig ha kunnskap om og forståing for dei regulatoriske tiltaka som er knytt direkte til rusmidlas plass i samfunnet. Det gjeld betydninga av rusfrie møteplassar og område i samfunnet, aldersgrenser, rusmiddeltilgang t.d. gjennom sals- og skjenkestader og –tider, prisar og prisutvikling, kontrollordningar (t.d. av aldersgrensene og i trafikken).

Samtidig som det er viktig å gje dei unge og befolkninga generelt kunnskapar og holdningar om rusmiddel og rusmiddelbruk, viser all forsking at det er minst like viktig at det er forståing for målretta bruk av dei regulatoriske virkemidla. Det er til fordel for oss alle at vi greier å halde rusproblema i lokalsamfunnet vårt og i samfunnet generelt på eit lågt nivå.

Les også

Kampen for rusreformen er ikke over

Les også

Er god folkehelse forenlig med en mer liberal ruspolitikk?