Tvilsom entreprenørskap

Av
DEL

LeserbrevAv rosverdige aktivitetar i samfunnet blir entreprenørskap ofte framheva. Men ikkje all slik aktivitet fortener ros. Gjennom datakommunikasjon er du blitt meir utsett enn før – og rett som det er, får du melding om arvepengar du har til gode i Afrika eller USA, eller det er ukjende og eksotiske personar ute i verda som av ulike grunnar ønsker å komme i kontakt med deg.

No i starten på juli har eg gjennom datamaskina mi blitt utsett for to eksempel på tvilsom entreprenørskap. Først gjaldt det melding frå «skatteadministrasjon» om «skatterefusjon" på fleire tusen kroner eg hadde til gode – trass i tidlegare melding frå Skatteetaten om at eg i år berre ville få igjen 2-3 hundrelappar. Heldigvis fann eg ei melding frå 2017 på nettet med åtvaring det året mot eit større svindelforsøk omkring omgrepet «Skatterefusjon».

Dagen etter kom melding til «Hi eivhasl» frå «Apple-Eplebekreftelse» med takk for bestilling av YouTube Premium: abonnement. Bestillinga skulle vore gjort tidleg i mars – medan eg var i Sør-Italia!

Men til slutt i meldinga heiter det at «Hvis det ikke var deg» (som hadde bestilt) – så måtte eg trykke på ei bestemt avbestillingslenke – og «Hvis du ikke kansellerer dette abonnementet, blir du fakturert hver måned.» Pris 599,00.

Det krevst jammen funksjonsdyktige og kritiske hovud for å klare seg mot all kreativ entreprenørskap i samfunnet i vår tid!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags