Trur Frank Sve og FrP at veljarane er lettlurte?

Henning Holsvik

Henning Holsvik

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Eg måtte sjekke kalendaren og forsikre meg at det ikkje var 1. april, for innlegget til Frank Sve og Møre og Romsdal Frp i Nationen 04.10, (https://www.nationen.no/motkultur/debatt/kua-skal-vekk/)

som også vart publisert på M&R FrP si facebookside den 01.10, minna mest om ein aprilspøk. Meinar Frp for alvor at dei trur på at Senterpartiet i Møre og Romsdal plutseleg vil avvikle landsbruket? Har dei misforstått med vilje? Eller trur dei at veljarane er så lettlurte at dei bit på ei slik påstand?

Påstandane eig jo ikkje rot i verkelegheita, og det burde egentleg vere openbart for dei fleste.

Når Senterpartiet tek til orde for at Møre og Romsdal Fylkeskommune skal vere 100% klimanøytralt innan 2030 er det vel innlysande at det gjeld den fylkeskommunale drifta (vidaregåande skular, offentlege bygg, buss, ferjer osv.).

Påstanden til Sve og FrP heng difor ikkje på greip i det heile.

Eg har vanskeleg for å tru at sjølv FrP og Frank Sve for alvor trur på si eiga påstand:

"Senterpartiet og Arbeidarpartiet har vedteke at kua i realiteten skal fjernast i Møre og Romsdal fylke innan 10 år. "

Sist eg sjekka var det ingen gardsbruk eller husdyr i fylkeskommunal eige. ikkje så mykje som ein geit, og langt mindre kyr. Difor vil ikkje ei målsetjing på klimanøytralt fylke ha nokon innvirking på landsbruket i fylket.

Dette veit sjølvsagt både FRP og Frank Sve ikkje er tilfellet.

Men eit polarisert ordskifte med sinne som drivstoff er både enkelt og effektivt, og skapar engasjement. Problemet er at når den offentlege debatten sporar av, og ikkje lenger har grunnlag i fakta, mister den all truverd.

Med å bevisst spre feilinformasjon, er FrP og Sve med på å styre den offentlege debatten rett i grøfta. Norsk politikk er best tent med ein sakleg faktabasert debatt. Ikkje grunnlause påstandar mot betre vitande, dette gjeld alle parti.

Veljarane bør leggje merke til den offentlege debatten det neste året mot stortingsvalet.

Måten ein omtalar andre parti og politikarar på, og korleis ein argumenterar (spesielt med omsyn av fakta), gir ein god peikepinn på kven som fortener å få, (eller ikkje få) tillit frå veljarane.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken