Styret i Todalsfjordprosjektet har engasjert Trond Skogseth (55) frå Surnadal som ny dagleg leiar i selskapet. Han tek over stafettpinnen etter mangeårig leiar Bergsvein Brøske i oktober.

Dette kjem fram i en pressemelding.

Skogseth har ingeniørutdanning frå USA og har brei leiarerfaring frå norsk og internasjonalt næringsliv. Han har mellom anna vore fabrikkdirektør i Rolls-Royce Marine i Brattvåg, divisjonsdirektør i Normet International, samt først produksjonsdirektør og sidan sals- og marknadsdirektør i Pipelife.

I fjor starta Skogseth sjølv selskapet Jara Rådgiving, og det er gjennom dette selskapet at han no blir innleigd som dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet.

Svært godt fornøyd

Styreleiar Malene Aaram Vike og resten av styret i Todalsfjordprosjektet er - ifølge pressemeldinga - svært godt fornøgd med å ha sikra seg Skogseth som dagleg leiar i selskapet.

– Trond Skogseth har, med si breie erfaring og dokumenterte gjennomføringsevne, dei beste føresetnadar for å lykkast i rolla som dagleg leiar. Vi er sikre på at han vil kunne ta prosjektet inn i fasen der realisering og byggestart i 2025 er målet, seier Vike.

Oktober

Skogseth startar i jobben som dagleg leiar først i midten av oktober men ser allereie fram til å kome i gang med arbeidet.

– Å få leie laget som skal arbeide for å ta Todalsfjordprosjektet vidare fram mot byggestart ser eg som verkeleg meiningsfullt. Realiseringa av dette prosjektet er noko av det viktigaste som skjer på Nordmøre framover, og eg trur det vil kunne ha større positive ringverknadar for innbyggarar, næringsliv og den generelle samfunnsutviklinga enn vi kanskje er klare over. Inntrykket mitt er at det har vore arbeidd godt dei siste åra, og med fylkeskommunen no tungt inne i prosjektet er målet om å få avslutta denne maratonen meir realistisk enn nokon gong.

– Vi har nettopp vore på ferietur gjennom fylket vårt og nedover vestlandet, og når ein ser på kva Norge har investert i av gode samferdsleløysingar rundt omkring, så kan vi med godt samvit stikke oss fram og seie at no er turen kome til Indre Nordmøre òg, seier Skogseth i pressemeldinga frå Todalsfjordprosjektet AS.