Tiltalt for å ville berge helse og miljø på Raudsand?

Bjørn Jacobsen, SV.

Bjørn Jacobsen, SV.

Av
DEL

LeserbrevIngen må vere i tvil om at eg og SV vil gjøre alt vi kan for å hindre etablering av Nasjonalt deponi for farleg avfall på Raudsand. Vi vil ha opprydding ikkje tildekking av spesialavfallet som ligg der.

No vil ordføraren i Molde ha lovligheitskontroll på vedtak fatta av kommunestyret. Bergmesteren AS har klaga oss inn til Fylkesmannen.

Kommunestyret vil, som Formannskapet, ta liv, helse og miljø på alvor. Vi ser den motstanden som er blant kommunane og folk langs Sunndalsfjorden som eit tegn i tida om at deponi og tildekking er avlegs. Gjenvinning og opprydding er det som gjelder i dag. Folk er lei politikarar, næringsliv og stasbyråkratar som ikkje handle på vegne av miljøet.

Det skal bli moro om Raudsand saka skal opp for rettsvesenet igjen. Den einaste statsmakta som har tatt folk og miljø langs Sunndalsfjorden på alvor er den dømmande. Skal Molde kommune dømmast for å kun tillate tildekking av spesialavfall og ikkje for å tillate drygt ein million tonn avfall oppå der? Om vi skulle dømmast for nokke måtte det vere for ikkje å krevje full opprydding og gjenvinning av spesialavfallet som ligg der.

Dette spesialavfallet som staten ved Miljødirektoratet har gitt tillatelse til å dekke til og ikkje rydde opp i har nokken betalt for at skulle gjenvinnast og nokken har mottatt betaling for det same. Det er per definisjon forbudt å deponere slikt spesialavfall i naturen. Namnet spesialavfall er av staten bytta ut med farleg avfall sidan avfallet kom til Raudsand. Det skal bli interessant å sjå kordan rettsvesenet vurdera denne tillatelsen og dermed hindre opprydding i dag.

Romsdal Tingrett, Frostating Lagmannsrett og Høgsterett sine dommar vil gje godt grunnlag for retten til å vurdere om ikkje folket og fjorden har tålt nok?

I tillegg finns det ei 20 år lang rekke av miljøstatsrådar som har lovt folket og fjorden at det skal ryddast opp. Sist aktive statsråd var kommunalministeren som godkjente ein reguleringsplan laga av 3 tusen i Nesset for å gjelde for 32 tusen i Molde. Rettvist?

Så er det trist at vi ei slik vanskeleg sak nærast er utan ordførar. Ordførar si rolle er å prøve å bringe i hop eit kommunestyre. Torgeir Dahl kjøre eit løp som er heilt motsett med kontakt og møter med departementet prega av hemmeleghald og kun for dei han held med.

Høgre som det største partiet må kunne ha andre, som til dømes gruppeleiar til å føre ordet for seg og ikkje ordføraren. Eller er det heilt tilfeldig at alle representantane frå Høgre og gamle Nesset ikkje skriv under krav om Lovligheitskontroll? Når ein ser på eigarinteresser i Nesset Vekst AS er det rimeleg klart at fleire av desse kommunestyrerepresentantane er inhabile til å handsame Raudsand i kommunestyret. Ordføraren gjør ingenting for å belyse dette.

Molde kommune har kompetanse til å lage ny reguleringsplan for Raudsand fordi det er kommen andre interesser til dvs Midsund og Molde kommunar. Vi er planmynde og kan gjere kva vi vil. Men med ein slik ordførar vi har verkar det nesten umuleg at vi skal styre i eiga hus. Han leitar ikkje etter det vi kan bli einige om, men er blitt hovudtalsmann for eine sida i saka.

Når saka kjem opp igjen vil det ligge føre eit forslag frå Raudt som vi i SV kan støtte. Dette har vi ikkje støtta tidlegare av redsel for at det kunne øydelegge for det fleirtalet vi har vore med å stable på beina frå møte til møte. Dette forslaget vil gjere Moldes folkevalte til dei som skal bestemme kva som skal skje i Molde og ikkje ein reguleringsplan laga av Nesset kommune, som ikkje finns lenger.

Lovverket vi no støttar oss til kjem politisk mykje frå «Arbeidsmiljølovens far», Thorbjørn Berntsen, som tok erfaringane frå det arbeidet med seg som miljøvernminister og fekk fart på avfallspolitikken. Dette arbeidet må vi halde fram med fordi det vil skape mange miljøarbeidsplassar og spare miljøet. Det er dette vi treng i det Grøne skiftet vi er inne i. Avfall som handsamast mest muleg der det oppstår har ein tendens til å ende i kraftig avfallsreduksjon. Det er det vi treng og ikkje store deponi som er farlege og gjer det lettare å ikkje avfallsminimere.

Staten ved Miljødirektoratet, kommunalministeren og miljøvernministeren ryddar ikkje opp i gifta, men prøver å presse Molde kommunestyre til å dekke over og ikkje rydde opp i gamle synder. Eg trur både rettsvesenet og folket i val vil merke seg dette.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags