Gå til sidens hovedinnhold

«Tema Settem» i Bøfjorden

Garden Settem og historia i nærområdet er tema på museet i Bøfjorden søndag.

400 års tilbakeblikk på hollendertida, med Zetumb Saug frå 1621, opnar kåseret denne gong. Frå da og fram til det nystarta Sarang Hundeterapi ligg fargerike hendingar og eit spennande persongalleri i miljøet rundt garden.

With-familien sat her i mesta 240 år. Andre fostra også folk med godt rykte. Visste du at den svenske filmstjerna Kristina Adolphsson («Fanny og Alexander» m.m.) slektar herifrå?

Attåt gardshistoria kan «leigmålet» på Settem vise til både industri, meieridrift, handel og skule. Livet på husmannsplassane blir del av framstillinga. Kva skjedde i sommarfjøset deira hausten 1883? Har du forresten høyrt eventyr frå Moen og Arnøra?

Drama og tidtrøyte er med i programmet. Det var for eksempel ikkje alltid like idyllisk verken i turmarka eller ved Settemsbukta, der Småbåthamna og Elvanesset er attraksjonar i dag!

Kommentarer til denne saken