Gå til sidens hovedinnhold

Takk for konsertfellesskapet!

Konsert er fellesskap. Song og musikk blir delt mellom utøvarar og publikum – i formidling, lytting, respons og samhandling.

Vi - koret Prosjekt 17 - inviterte med stor spenning til Jonsvaka i Åsskard kyrkje fredag: Ville folk møte opp - etter 16 månader utan konsertfellesskap?

Frykten var ubegrunna. Benkane var fylte så langt smittevernet tillet, eit teikn på kulturhunger hos mange. Behovet for å samlast til musikkoppleving synest stort.

Som arrangør hadde vi i P17 invitert operasongaren Erik Rosenius og vår eigen kyrkjemusikar Ronny Kjøsen som solistar. Det var heldige valg.

Erik imponerte med sin flotte basstemme gjennom både klassiske verk og åndelege songar frå heimlandet Sverige.

Med lune kommentarar introduserte han stoffet. Om «Var jag går, i skogar, berg och dalar» røpa Erik at han sjølv er slektning av forfattaren, forkynnarlegenden Carl Olof Rosenius.

Vi i koret fekk delta saman med han i Salme 24 av Wennerberg, Beethovens Lovsang og ein sats frå «Paulus» av Mendelssohn. Det var stas.

Nyleg Spelemanns-nominerte Ronny Kjøsen sjarmerte alle med si eminente trekkspelmusisering, improviserte i stor stil over m.a. «Gje meg handa di» og spela elles sin eigen lekre «Bruremarsj».

Ronny deltok også i allsongane og saman med Erik. Men ikkje minst gav han stilfullt og drivande tonefølgje til «Folketonemesse frå Todalen», som avslutta konserten. Her serverte han dei lokale salmetonane og slåttane som kling saman med Bernt Bøe sine korsatsar til dei kjente messeledda.

Samarbeidet og fellesskapet i kyrkja denne kvelden var kanskje ei aldri så lita «gjenopning» av lokalt konsertliv?

Takk til alle som deltok i lag med oss! Takk til SpareBank 1 Nordmøre og Gjensidige, som støtta Jonsvaka økonomisk. Og ikkje minst: Takk til Kari og Inger Lise i soknerådet, som ikkje berre ordna registrering og billettsalg, men som endatil besørga skyss til og frå for mange som trong det!

Med helsing og ønske om gjenhør:

Arrangørkoret Prosjekt 17

Kommentarer til denne saken