Kleivaprisen til Fredrik Sjøflot (87)

Fredrik Sjøflot var ikke sikker på at han fortjente Kleivaprisen, selv om både ordfører Lilly Gunn Nyheim og alle de andre på Kleivakvelden forsøkte å overtale ham om det.

Fredrik Sjøflot var ikke sikker på at han fortjente Kleivaprisen, selv om både ordfører Lilly Gunn Nyheim og alle de andre på Kleivakvelden forsøkte å overtale ham om det.

Artikkelen er over 2 år gammel

Fredrik Sjøflot er fredag kveld tildelt den gjeve Kleivaprisen.

DEL

Supertilbud: 5 kr for alt innhold på nett i 5 uker

Utdelinga skjedde i samband med Kleivakvelden, og det var Per Olaf Lundteigen som sto for overrekking.

Dette var den Den 18. Kleivaprisutdelinga. I statuttane for Kleivafondet heiter det at ”Formålet med fondet er å fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett. Forutan tildeling av midlar etter søknad, kan styret på eige initiativ gje stønad eller påskjønning til einskildpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis (…)”.

Kleivaprisen 2015 blir tildelt Fredrik Sjøflot for hans store og allsidige innsats som musikar i over 60 år. Om årets Kleivaprisvinnar er det mellom anna sagt følgjande:

Han har til alle tider stilt velvillig opp når det har vore behov for ein dyktig musikar, eller i andre samanhengar der det var nok at han kunne gle andre med musikken sin.

Som mange andre starta han tidleg opp som dansemusikar.

Han har og lagt ned ein betydeleg innsats i teatersamanheng, der den største utfordringa nok var ”Trast i Taklampa” (musikk av Finn Ludt), med sine utfordrande melodilinjer og ”flukt” gjennom dei mest intrikate toneartar, som vart gjennomført på ein heilt ypparleg måte.

Utanom dette har han stilt opp i alle mulege tenkelege og utenkelege samanhengar med klarinetten, blokkfløyta og den sjølvlaga seljefløyta si. At han og beherskar gitaren er vel ikkje så offentleg godt kjent. Han har aldri kravd betaling for speleoppdraga. For han har det vore løn nok at han har lykkast med framføringa og at folk har gledd seg over musikken hans.

Størst innsats har han gjort i Surnadal Hornmusikk der han trass sin høge alder fortsatt er aktiv støttespelar. Som ledande førsteklarinettist gjennom over 60 år, har han hatt stort ansvar og mange store musikalske utfordringar, som han har gjennomført på ein framifrå måte. Som den perfeksjonisten han er, har han aldri gitt seg før alle melodiar, løp og passasjar har vore på plass.

Hans musikkteoretiske kunnskapar er imponerande og overgår ofte det som ein finn hos profesjonelle musikarar. Med sin dyktigheit og store musikkunnskap har han og ofte bidrege med gode råd til dirigentar og instruktørar i innøvinga og framføringa av musikken. At han både teoretisk og praktisk er autodidakt (sjølvlært) er med på å styrke beundringa for denne framifrå musikaren.

Årets prisvinnar som er født i 1928, er det beste eksemplet på ein amatør, (som tyder å gjera noko for at ein elskar å gjera det ein gjer) i motsetnad til ein profesjonell (som gjer noko med det formål å tena på det ein gjer)».

Mest kjent i dag er innsatsen han gjer på pensjonistmøter, og kvar fredag hos ”Eldre hjelper eldre”, der han så og seia utan fråvær har vori fast musikar sidan dei starta samlingane sine på Kulturhuset i 2002.

Tidlegare Kleivaprisvinnarar:

1998: Henning Sommerro

1999: Styrkår Brørs

2000: John Røen

2001: Jørgen Gravvold

2002: Bernt Bøe

2003: Famntak

2004: Alf Ramsøy

2005: Paula Ranes

2006: Ola Brøske

2007: Eistein Bæverfjord

2008: Holger og Kirsti Skei

2009: Svein Sæter

2010: Trond Larsen

2011: Dordi Skuggevik Tande

2012: Sverre Hatle

2013: Randi Lysø

2014: Svanhild Husby

Artikkeltags