Biblioteket stenger for å ha meir ope

STENGER: Steinar Hasselø ved kultureininga i Surnadal kommune infomerer om nye opningstider ved Surnadal folkebibliotek.

STENGER: Steinar Hasselø ved kultureininga i Surnadal kommune infomerer om nye opningstider ved Surnadal folkebibliotek.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Viktig å merke seg om du brukar biblioteket på Skei i Surnadal: no bør du fylle opp med bøker, for biblioteket vil bli stengt i fem veker frå 24. september.

Det skriv kommunen i ei pressemelding søndag kveld.

- Surnadal folkebibliotek vil bli såkalla «meirope» når dei opnar igjen. Det vil seie at lånarane kan låse seg inn utanom den vanlege opningstida med lånekortet sitt og ein kode (med unnatak av om natta). Biblioteket vil ha ein sjølvbetent automat som gjer at lånarane da kan levere og låne bøker sjølv, skriv kommunen.

Men før det kan skje, må altså biblioteket merke absolutt alt dei har med såkalla RFID-kodar, samt montere sjølvbetent utlånsautomat, system for å låse seg inn, kamera med meir.

- Sjølv om biblioteket blir stengt, vil ein kunne hente reserverte bøker i resepsjonen nede. Innlevering av bøker i luka ved sida av inngangsdøra til biblioteket, og aviser og tidsskrift vil bli lagt ut som før.

Filialen i Todalen vil ha ope som vanleg utover hausten.

Artikkeltags