Eit delikat stort stykke kjøt. Heilt utan dårleg samvit. Full av sunt umetta fett. Vi gjorde det før, no er det endeleg på veg tilbake igjen.

Sidan steinalderen har vi fangsta her i landet. På land og til havs. Vi er eit land som veit kva det vil seie å hente mat frå naturen. Fantastiske kjøtrettar kan tryllast ut frå både hjort, elg og anna vilt i naturen. Få er derimot klar over at det og finst eit kjøtalternativ som har positiv helsemessige fordelar.

Kvalfangst? Kva veit nordmenn om det heile? Undersøkingar syner at kjennskapen er svært liten. Om folk i det heile veit noko, er det basert på tradisjonar og fangstmetodar som vi i dag har fjerna oss heilt frå. Fordommar og haldningar frå aktivistar, gjer at det i dag framleis ikkje er lovleg å drive sal av kval internasjonalt. (utan om til Japan) Forbodet som vart etablert i 1986 gjeld framleis. Sterke krefter er ikkje villige til å lytte til nyare forsking, eller for den del sjå kva som skjer i havet.

Takka vere Gro Harlem Brundtland, visjonær og framtidsretta, motsette Noreg i si tid forbodet mot kvalfangst. Ein ville heller drive forsking og bygge opp at det ein hadde tatt i skade for å fangste kraftig ned. Havforskingsinstituttet, tel årleg kor mykje sjøpattedyr som lev i Nord-Atlanteren. Nylege tal viser at forskarane meiner det er 50 prosent høgare mengde vågekval enn kva dei trudde. Med andre ord, 150 000 dyr. I fjor fangsta kvalfangarane 577.

Berekraft er med andre ord i verdseliten når det gjeld fangst av vågekval, som er den einaste kvalen Noreg fangstar på. Studiar, som har vore arbeida med i nærmare ti år, viser og at sjøpattedyr gaflar i seg rikeleg med mat i Atlanterhavet. Dei konkurrerer til tider med oss i matfatet. Årleg et dei fisk, plankton og anna snacks frå havet, som vert til saman 25 millionar tonn. Vi fangstar nesten 4,2. Forskarane seier at ein må ta dette meir i vare med tanke på forvaltninga av havet, med andre ord. Behovet for å fangste, er i høgste grad stadfesta.

Kval inneheld i i tillegg mykje mindre metta feitt og meir av det sunne umetta feittet. Det har og meir vitamin A, D og jern enn storfe. Vi som arbeidar med kval, har dei siste åra prøvd å få fleire butikkjeder til å ta inn kval i sitt sortiment. I år kan vi gledelege presentere kval alle Rema 1000 butikkar i heile Noreg. Ta ein tur innom norskhval.no og finn fantastiske oppskrifter. Unn deg sunt, berekraftig kjøt frå havet på grillen. God sommar.