Regjeringa har skulda for den høge straumprisen, difor vert noko av utfordringa å bøte på dette skadeverket. I Nationen 11. januar får tidlegare olje- og energiminister Eivind Reiten gjere greie for si liberalisering av kraftmarknaden, som han var minister for i 1991. Då med ei ny energilov. Han meiner i intervjuet at dette har fungert godt i 30 år, men fryktar no at det liberaliserte straummarknaden ikkje er noko for framtida. Eg sit at med eit inntrykk av at botemiddelet er å sette på bremsene, men trø på gassen samtidig. Det er ikkje lett å forstå kva han meiner er botemiddelet.

Berre ei ny energilov kan løyse straumkaoset både på kort og lang sikt. Støreregjeringa driv brannslokking etter eit straumkaos der Ap. har vore tunga på vektskåla for Acer-medlemskap, utanlandskablar og EØS-medlemskap. Reiten si energilov har fungert godt i 30 år, men no har marknadskreftene gjort staten til den store syndebukken.

Det har stått politisk strid om overføringskablar til utlandet. Slik eg forstår er dette gjort for å selje overskotsstraum til kontinentet, der det er høgare pris på el-kraft enn i Norge. Dei same overføringslinjene gjer det mogeleg å kjøpe tilbake straum frå kontinentet om vi skulle trenge det. Det er no ein slik situasjon som gjer at prisen vert så høg på Austlandet.

Marknadsøkonomi på sitt verste

Ein kan difor registrere at når vi kjøper tilbake straum må vi betale den prisen som gjeld frå det landet vi kjøper frå og då vert det dyrt. Dette er marknadsøkonomi på sitt verste etter velkjent blårussteori, der hushaldningar og næringsliv må betale leiken. EØS-avtala vår og tilhøyrande EU-direktiv bind oss på hender og føter og gjer det vanskeleg å drive vår eigen energipolitikk for vasskrafta vår. Difor er ikkje EØS-avtalen noko vi kan basere framtida vår på når vi treng å bestemme vår eigen straumpris innanlands.

Det er urimeleg at hushaldningsstraumen skal svi for den tåpelege prisauken straumen har fått, etter å ha vore utanfor våre landegrenser. Som om ikkje dette er nok tek staten el.avgifta og moms på toppen, med unnatak for dei vedtekna gratismånader.

Nord for Dovre og i resten av landet har ein ikkje den same høge straumprisen då ein ikkje har overføringsliner, som gjev eit unaturleg påslag og som gjev høgare straumpris.

Energilova

At ein sjølv skal kunne finne og kjøpe billegaste straum over heile landet er eit nytt lite overtenkt «blårussprinsipp», medan fastavgifta må ein betale til det lokale selskapet. Dette har skapt bry for straumkundane som om dei gjer dette vil få to rekningar i staden for ei. I tillegg vert ein plaga av dei mange nye salgsfirma som konkurrerer om straumkundane, som vert lurt av meir og mindre seriøse garantiar og pristilbod.

Ei straumrekning

Den nye energilova bør pålegge straumleverandørane å kalkulere sin eigen straumpris der både straumforbruket og linjeleiga er inkludert. Det er ikkje kundane som treng eller krev dagens splitt. Straumkjøpet må mest naturleg gjerast der ein høyrer til med linjenettet. Kundane er heller ikkje tent med ei prising på straum som gjer at ein må stå opp om natta for å vaske klede og ta oppvasken. Vi må få ein straumpris som er lik for heile landet og der ein har same prisen døgnet rundt. Noko anna er ubrukeleg i våre dagar!

Treng revisjon

Energilova treng ein snarleg revisjon og eg har i dette innlegget peika på nokre av dei økonomiske børene som regjeringa har lagt på privat straumforbruk og på næringslivet. Energilova skaper inntekter for staten både på innpust og utpust og marknadsgildet er det hushaldningar og lokalt næringsliv utan fastavtale som må svi for. Dette angår folk flest og skulle slik vere eit av dei prioriterte satsingsområde for den nye regjeringa?

Les også

Kutt eksporten av strøm

Les også

Makt over markedet eller markedsmakt