Gå til sidens hovedinnhold

Straumprisar: Når vi slepp marknaden fri

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Straumprisen på Nord Pool var kr 1,15, 05.09.2021. Denne vinteren kan vi oppleve kva det vil sei å sleppe marknaden fritt til.

Dette er Høgre-politikk, men kan hende slepp vi dei store konsekvensane dersom nedbøren kjem før november. Utan nedbør går vi inn i vinteren med nedtappa magasin, som betyr at vi må importere kolkraft frå Tyskland. Vi må betale det dei forlangar, for strum må vi ha.

Før 1992 var det krav til forsyningssikkerheit, som førte til overkapasitet. Varmepumper og LED-lys har ført til moderat stigning i straumforbruket, så det har gått bra inntil no.

Vi hadde ein liknande situasjon i 2009, med tvungen import påfølgande vinter. Også den gong eksporterte vi straum, sjølv om magasinfyllinga var låg.

Statkraft vart etterforska for å spekulere i straumeksport, som ville føre til høge prisar om vinteren. Dei vart frikjende, men truleg kjem det eit liknande søksmål til våren, så spørs det om dei slepp unna denne gongen?

Det er eit paradoks at ei krise i energisektoren betyr rekord fortjeneste for energiverka. Slik er marknaden, men er det slik vi vil ha det i framtida?

Truleg blir det regjeringsskifte og Statkraft må avvikle engasjementa sine i utlandet. Kvifor ikkje bruke pengane i Norge, og utnytte vinden og bølgjene i Norsk Økonomisk Sone? Teknologien har vi, og med nye kostar i regjeringskontora kan det bli forandring. El-sertifikata frå 2012 til 2021 har skaffa oss 26 TWh ny fornybar energi, så kvifor ikkje bruke denne ordninga vidare? Det er ein politisk beslutning kven som skal få støtte, så kvifor ikkje øyremerke pengane til utbygging på havet?

Flytande anlegg på djupt vatn skaper ikkje konfliktar med fiskeriinteressene og det er lite fuglar langt frå kysten. Vi har energi nok i form av vind og bølgjer, men problemet er at det tar fleire år før energien er i stikkontaktane våre.

Poenget mitt er at vi må kome i gang, og få tilbake forsyningssikkerheita besteforeldra våre var opptekne av.

Les også

Dette kan være dårlig nytt for deg

Les også

Nye tall bekrefter: Strømmen har aldri vært dyrere

Kommentarer til denne saken