Gå til sidens hovedinnhold

Støtte til Sanitetetskvinnene

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Sanitetskvinnene blir i praksis behandla som mindreverdige i forhold til andre beredskapsorganisasjonar når statlege tilskot skal delast ut. Dei har ikkje sjanse til å få midlar fordi styrken deira er omsorgsberedskap, ikkje den spisse beredskapen der dramatikken skjer.

Men innsatsen deira gjer at dei andre organisasjonane og aktørane i ein redningsaksjon fungerer betre - når dei til dømes sørger for mat til desse og held leiren gåande til dei som treng kvile, omsorg og informasjon.

Senterpartiet vil at Sanitetskvinnene skal få pengar frå den same potten som dei øvrige beredskapsorganisasjonane, og sjølvsagt auke potten slik at ingen tapar på dette. (Sanitetskvinnene har til orientering fått avslag på søknaden sin om støtte frå regjeringas side, og Frp er einige i dette.)

God beredskap er viktig, og den frivillige beredskapen er uvurderleg for å redde liv. Sanitetskvinnene samarbeider med over 130 kommunar gjennom beredskapsavtalar og spelar ei viktig rolle svært mange stader, uten en krone i offentlig støtte.

No under koronapandemien har organisasjonen lagt ned 100.000 timar for å hjelpe til med vaksineringa. Vi i Senterpartiet meiner dei fortener støtte for den enorme jobben dei gjer innan omsorgsberedskap og som viktig støtte til den øvrige beredskapen.

Kommentarer til denne saken