No nærmar det seg jordbruksforhandlingar, mellom staten og landbruksorganisasjonane. I denne samanheng har grasrota i landbruket, altså bøndene, fått nok av dårlig økonomi og nedlagte gardsbruk. Forhandlingane gir låg inntektsauke, basert på tal gardbrukarane ikkje kjenner seg igjen i og vareprisar som varemottakarane ikkje evner å oppnå. Difor har grasrota, med fem initiativtakarar starta opprør, #bondeopprøret21.

Blant anna forventar vi at tala som blir brukt i forkant av forhandlingane er reelle. Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) opererer med 406 000 kroner i inntekt på eit årsverk med 1845 timer, som gir ei timeløn på 220 kroner. For det første er eit årsverk i timetal i denne samanheng alt for lite. Dessutan er kronebeløpet feil, andre berekningar, som tek med leige av kvote og areal og eigenkapitalavkastning, vil årsverkinntekta bli 261 000 kroner, og med eit timetal på 1845, vil timeløna bli 141 kroner. Og! Desse tala er som nemnt over, heller ikkje heilt reelle. I tillegg forventar vi at Stortinget endrar målet frå auke i inntektsnivå, målt i prosent til inntektsauke, målt i kroner. #bondeopprøret21 krevjar også:

- Full jamstilling i inntekt og avkastning på eigenkapital, målt mot bedrifter før og etter oss i verdikjeden.

- Vederlag til arbeid og kapital må skiljast, timetal per årsverk jamstillast og verdsettast ut i frå reelle verdiar.

I Møre og Romsdal har vi viktige kulturlandskap, som Nordangsfjorden og verdsarva Geiranger. Landbruket her i fylket gir opne kulturlandskap og viktig beitebruk, noko som gagnar naturmangfaldet, lokalbefolkning og turistnæringa. Vi har også slakteri, fleire meieri og kjøt bedrifter, som er avhengig av lokale og gode råvarer av ypparste kvalitet. I ei tid, der har opplevd ein pandemi, ser vi nødvendigheita av ein beredskap og sjølvforsyning av mat. Vi ser kor viktig det er med lokale bønder som produserer kjøt, mjølk, korn, frukt, bær og grønt, som både er miljøvenleg, ivaretek mangfaldet og dyrevelferda. Og som handlar av lokale entreprenørar og maskinforretningar. Vi ser at Møre og Romsdal vil bli eit mindre opent og fattigare fylke, dersom nedskaleringa i bruk av areal og i tal bruk går ytterlegare ned.

Det er fleire lokal og fylkeslag innanfor Norges Bonde og Småbrukarlag og Norges Bondelag som har erklært støtte til opprøret, samt fleire politikarar, bedrifter, mfl, som Nationen. 19.4. erklærte ordførarane i Gudbrandsdalen si støtte til opprøret i Gudbrandsdølen. Eg oppfordrar difor den vanlige mann i gata, altså kunden, til å støtte opprøret. Eg utfordrar dessutan alle næringsverksemder, lokallag, fylkeslag, parti, lokalpolitikarar, regionpolitikarar og stortingspolitikarar, særskild dei som sitter på Mørebenken til å støtte #bondeopprøret21. Eg vil også sende ei ekstra utfordring til ordførarane i Møre og Romsdal til å gjere det same som kollegane i Gudbrandsdalen, nemlig støtt #bondeopprøret21.