Gå til sidens hovedinnhold

Støre kan komme til å måtte velje side

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er fleire politikarar på Austandet, særleg i Senterpartiet, som korkje skjønar valresultatet eller grunnplanet i folket no etter valet. Eg tenkjer først og fremst på Vedum, Marit Arnstad (merkeleg nok) og Ola Borten Moe og deira meiningsfellar. (Eg trur sistnemnde er den mest dominerande) Han tviheld enno på ei regjeringsløysing med berre Ap og SV.

SV og Raudt hadde saman fleire stemmer enn Sp. Dette valresultetatet er ein klår bodskap om at svært mange «vanlege folk» ønsker å utjamne forskjellar, dei ønsker fleire faste heile stillingar og betre velferdsgoder med m.a. gratis SFO til barn i bygd og by.

Borten Moe har visst ikkje fått med seg kystopprør og sentraliseringsopprør. Han lever i ei si eiga bondeverd der storbøndene dominerte bygdene og lokalpolitikken.

Alt dette er i endring, og folket har sendt tydelege signal om at dei ønsker endring. Fagrørsla har gjort det same. Dei har fått nok borgarleg politikk, og vil ha endring. Om Ap føyer seg etter Borten Moe og Vedum og vender seg mot dei borgarlege, vil det bli bråk. Kanskje rabalder på litt sikt?

Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes frå SV og Raudt er kapable til å vere med på å styre lande, saman med støttespelarane sine, og gjennomføre dei endringane som må til for å skape ro og stabilitet i folket på sikt. Støre sa på tv i dag, etter samtalar med desse partileiarane, at han snakkar godt med dei begge.

Kommentarer til denne saken