Aure: Kanskje litt skjødeslaust å satse på dansegalla med ingen ringare enn Ole Ivars og Gluntan - om ikkje «in the middle of nowhere», så i alle fall jomfrueleg terreng når det gjeld slike arrangement. Men det skulle vise seg at folk kjente si besøkelsestid, rundt 550 danseglade menneske fann vegen til Arenaen.

Det krydde av folk, i alle aldre, dei var der alle, nesten. Og ikkje berre aurgeldingar, her var innrykk frå nabokommunane, og bobilfolket hadde sjølvsasgt teke laust. Dei som hadde kome lengst veg som vi høyrde om var frå Mosjøen.

Fulltreffarar

Så var det da altså ikkje kven som helst som stilte på scena. Må innrømme det var første gongen vi høyrde Ole Ivars live, og dei skuffa ikkje. Nonstop trilla dei ut kjende og litt mindre kjende fulltreffarar frå katalogen sin. Skikkeleg proft, og fekk stadfesta at alt var live, ingen sekvensing eller playback der i gården. Proft.

Proffe var også Gluntan, med lokale Kjell Ivar Eines som vokalist. Dei gjorde seg slett ikkje bort i samanlikning med dei meir berømte gutane frå Mjøstraktene. Dei gamle gutta i Gluntan er alle borte, men dei som har teke over og har fått bruke namnet vidare er slett ikkje å kimse av. Bra.

Og det skal vel noko til å toppe denne første dansegallaen i Aure. Ole Ivars er vel ikkje aktuelle meir, dei er på avskjedsturne. Men det finst fleire gode orkester, så kvifor ikkje ein Dacapo neste haust?