Ope brev til den nye samferdselsministeren.

Etter at Nordmøre og Sunnmøre har fått sine prosjekt på plass – Krifast, Eiksund, og til sist Nordøyvegen – så er timen nå komen for Romsdal. Men då gjekk alt galt.

Den viktigaste «aksen» for alle tre skrivardømma er den vintersikre vegen over til Austlandet – og vidare til kontinentet – og tilførselsvegane til denne. Denne er totalt forsømt i fleire tiår i ein fylkespolitisk dragkamp med to hovudføremål:

1. Få Staten til å betala for å løysa trafikkproblema i Molde by ved å bygga ein tunnel «bak» sentrum

2. Få Staten til å betala for fastlandsforbindelse for Otrøya, Midøya og Gossen/Aukra.

Strategien har vore å knyta seg til det statlege arbeidet med fergefri E39 og Nasjonal transportplan. Her har lobbyistane gjort ein formidabel jobb med å påverka kriterievalget til dei som har hatt oppgaven med rekna ut kostnad og «samfunnsmessig nytteverdi». Når hovedvurderingane i dag kviler på ei løysing for vegforbindelsen Ålesund-Molde og fastlandsforbindelse for tre øyar – ja, så er svaret gitt.

Utafor god folkeskikk

Ingen skal undrast over at lokalpolitikarane kjempar for sine saker, men av fylkespolitikarane burde ein kunna venta eit større perspektiv på ei såpass viktig sak. Om det er gjort noe ulovleg, det har eg ikkje nok grunnlag for å meina, men det er langt utafor god folkeskikk og truverdig politisk handverk. Tør noen ansvarlege ta fatt i dette?

Hovudtrafikken, både frå molderegionen og frå Nordmøre, går austover, og den vil sjølvsagt ikkje ha nytte av «Møreaksen». Desse to viktige regionane vil framleis – «for alle praktiske formål» – ligga på ei «øy» utan fergefri forbindelse til Austlandet og til kontinentet. Dersom desse omsyna hadde blitt teke med i utrekningane til Statens vegvesen, så hadde sjølvsagt resultatet blitt eit anna. Å kunna kjøra fergefritt over Langfjorden er «kolumbi-egget» i dette spørsmålet, og sunnmøringane kan truleg like godt kjøra til Åndalsnes via Åfarnes – iallfall viss dei får ei flytebru over Isfjorden.

Les også

Paradokset Romsdalsaksen

Les også

Tid for uhildet sammenligning av Romsdalsaksen og Møreaksen?