Stopp fellessjukehuset på Hjelset

Stopp byggeplanane og byggeprosessen på Hjelset før det er for seint, skriv Terje Albregtsen.

Stopp byggeplanane og byggeprosessen på Hjelset før det er for seint, skriv Terje Albregtsen.

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det har vore ei aukande negativ utvikling i utrekninga av kostnadane ved det nye sjukehuset på Hjelset. Det er meldinga etter styremøtet i Helse Møre og Romsdal onsdag 11. november.

* Aukande negativ utvikling. Ja, i fleire omgangar. Kor mykje blir det til slutt att av det som var tenkt skulle bli fellessjukehuset SNR, når dei ein gong er ferdige med å redusere kostnadane?

* Blir det i det heile tatt eit fellessjukehus for både Nordmøre og Romsdal, slik det var tenkt? Historia starta med krav om eit nytt sjukehus i kvar by, men regjeringa vedtok eitt felles sjukehus, plassert på god avstand frå dei to bysentra.

* Kristiansund har etter kvart fått ordna seg slik at dei kjem til å få sjukehus godt nok der kor dei har sjukehuset sitt i dag; inne i byen. Dei kjem ikkje til å ha mykje bruk for Hjelset.

Molde by; sentrum i ein av dei lengste kommunane i landet, kjem til å få sitt akuttsjukehus langt frå byen. Folk må ut på ein lang biltur, og dei skal betale bompengar, for den minste ting på sjukehuset.

Frå før har Norge med ein føretaksmodell skaffa oss nokre få gigantiske universitetssjukehus der kor vi tidlegare hadde regionsjukehusa, og eit par litt store bastardar i tillegg i Bodø og Stavanger. Litt av prisen for det har vore å strøype aktivitet, nyutvikling og vedlikehald på alle dei lokale sjukehusa. Det gjeld sjukehusa i dei tre byane her i fylket, i tillegg til det «hemmelege» sjukehuset i Volda.

Ei anna og meir tvilsam side av slik politikk er at lokalsjukehusa slit med å skaffe fagfolk på visse avdelingar. Ressursane går til Trondheim. Misnøgde pasientar, og feilopererte pasientar, gjer at det er lett heller å be om å bli sendt til det gigantiske og godt utstyrte St. Olavs Hospital. Det kan dei ikkje nekte oss, sjølv om helseføretaket ikkje vil at St. Olav skal bli brukt som lokalsjukehus for Møre og Romsdal.

Sjukehuset i Molde er synleg forsaka, både utvendig og innvendig. Noko er godt, noko utslitt, provisorisk, og noko dårleg, men alt er ikkje like galt.

Det må la seg gjere å bygge eit nytt Molde sjukehus, i Molde, litt etter kvart. Alle huseigarar fornyar huset sitt litt om litt. Det manglar ikkje på tomteplass på Lundavang. Til og med St. Olavs Hospital blei fornya hus for hus på same tomta som det gamle regionsjukehuset.

Også eit nytt Molde sjukehus, i Molde by, lar det seg gjere å bygge som fleire hus, med både kulvert og bru mellom, ikkje så ulikt St. Olavs hospital, men mykje mindre, og med mykje færre hus.

Med avgrensa økonomi kan ein lett få til å starte med ein moderat del av eit nytt sjukehusbygg ved sida av det som står i Molde. Bygg i fleire byggetrinn! Og bygg ikkje for meir enn pengeboka tillet for kvart trinn!

Stopp byggeplanane og byggeprosessen på Hjelset før det er for seint! Kostnadane til feilplanlegging og graving blir små, samanlikna med den prisen som samfunnet må betale for eit feilslått luftslott på Hjelset.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken