Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Då har det skjedd det som eg har frykta så lenge. «Fylkeskommunen ber i brev av 20.12.22 kommunen til å legge ut søknaden (fra Averøy Seafood AS) på ny offentlig ettersyn og gjenoppta saksbehandlingen». (Lagt ut på kommunen si Facebook-side 3. januar.) Så no er det fritt fram å fortsetje jobben med å øydelegge eit av kommunen og regionen sine best tilrettelagte turmål. Og for å slå det fast med ein gong: Eg er ikkje motstandar landbasert fiskeoppdrett, sjølv om all intensiv oppdrett av levande dyr har sine store miljømessige utfordringar. Difor tykkjer eg utbygginga i Smedvågen virkar spanande, sjølv om det også den vil ha sine påverknader på nærmiljøet og nabolaget. Det hadde blitt like mange arbeidsplassar om Averøy Seafood blei lokalisert ein annan stad i kommunen (… kva med sørsida av Hasløysundet eller i Kristvika?).
Heile mitt engasjement i denne saka ligg i at eg meiner det er totalt feil å ødelegge Stavnes-området med industriutbygging. Det hjelp ikkje at reguleringsplana for anlegget er vedtatt, med tilnærma einstemmig fleirtal. Heller ikkje hjelp det at: «Sjølve Stavneset fyrstasjon vil ikkje bli berørt av utbygginga», då området, turopplevinga og turmålet, sjølve attraksjonen, blir ein del av eit industriområde! Politikarane burde heller snudd, og gjort alt dei kunne for å ta vare på dette unike rekreasjonsområdet for etterslekta.
For å få ei kjensle av kor nært anlegget kjem, skal du neste gong du er på Stavneset setje deg ned i vestveggen med din vel fortente vaffelplate, og ein varm kopp kaffe. Så skal du telje til den 6. strømpålen. Der starter industrieventyret … Etter å ha fundert litt på galskapen, kan du kose deg med ein tur innom brukskunstutstillinga. Alternativ måte å sjå avstanden på er lengda av Hulvågbruene (frå fiskebruene og vestover), eller om lag frå Piren til der Averøya-ferga ein gong gjekk ifrå. I tillegg får vi ein gedigen molo, for ein stad må ein gjere av all steinen som skal sprengast ut, på same tid som den tappert skal prøve å verne anlegget mot det brutale storhavet. Utsikta frå stien vil ikkje lengre vere prega av lyngheier, svaberg og storhavet, men av eit aktivt industriområde og ein stor molo.
Avstand til industriområdet er ein ting, tragedien er at sjølve turområdet og turopplevinga blir rasert. Vi har ikkje maken til turmål i vår region, og difor burde heller området vore freda for etterslekta. Trøysta kan vere at om 80 år så vil vi tykkje det er spanande å gå rundt i industriruinane, slik vi no tykkjer det er spanande med vandringar i dei mange bunkersane etter siste verdskrig.
Den verneverdige fyr- og losstasjonen, som fylte 180 år i fjor, vil etter mi meining miste det meste av sine kvaliteter som turmål og attraksjon, om industrietableringa blir ein realitet. Det må også nevnast at siste Bråtthesten gjekk til Stavnes-vennen Ingvar Båtbukt, som har lagt ned et enormt arbeid for å gjere Stavneset så unikt tilgjengeleg. Hederen er fullt fortjent! Dei rakk å dele ut hedersprisen ei veke før vedtaket frå fylkeskommunen kom. (P.S.: Domen frå Sogn og Fjordane tingrett, som er bakgrunnen for vedtaket, kom den 16. november …)
Ved forrige kommuneval leita eg fram kva partia hadde om kulturlandskap og friluftsliv i sine valprogram. Der finner eg gjennomgåande gode intensjonar, og stor omsorg for kulturlandskap og friluftsliv. Om ein set dette opp mot den nesten samstemde politiske jubel til utbygginga ute i Stavneset, blir deira lovnadar i valprogramma i beste fall underlege. Her kjem partia sine lovnader, henta ordrett frå deira valprogram for 2019-23:
SV: Kritisk til omreguleringer av friluftsområder. Oppdrettsanleggene skal bli lukkede og giftfrie og ikke komme i konflikt med friluftsliv.
Sp: Samarbeide med lag/organisasjoner for å utvikle friluftsområder i kommunen vår. Være en støttespiller for frivilligheten. Være pådriver for bygging av turstier rundt om i kommunen. Tilrettelegge for at Averøy blir en aktiv friluftskommune.
Ap: Styrke Averøy sine mange kulturområder, og ivareta alle kulturminner. Bevare Averøy sine mange kulturminner og kulturområder. Legge til rette for flere tilrettelagte naturstier for mennesker med funksjonsutfordringer. Støtte tiltak for å holde kulturlandskapet i hevd.
V: Legge til rette for at det kan etableres et nett av turstier som dekker det meste av kommunen. Legge til rette for at flere turmål også kan benyttes av funksjonshemmede. Støtte tiltak for å etablere og ta vare på lokale møteplasser og friluftsområder. Sikre arealer for næringsutvikling med minst mulig miljøbelastning. Bedre tilgjengelighet til våre største attraksjoner og aktiviteter, også ved bruk av kollektivtransport. Støtte opp om, og vise velvilje overfor, frivillige lag og organisasjoner.
H: Flere og bedre tilrettlagte turstier.
KrF og Frp: (Eg kunne ikkje finne noko som dekker temaet i deira program.)
Det er veldig kjekt at nesten alle partia er samstemte i si vilje til å ta vare på kulturlandskap og utvikle friluftslivet. Men ringer det ein kar på døra med lommene fulle av pengar og lovnader om arbeidsplassar, så blir alle gode intensjonar kasta på dynga. Og snart er det val igjen ...
Diverre er nok ikkje støtta til prosjektet blitt noko mindre hjå dei folkevalgte. Med domen frå Sogn og Fjordane tingrett er det vel lite håp om å redde Stavneset frå ei utbygging. Så får ein berre håpe at økonomien i prosjektet ikkje er drivverdig og at det møter veggen på teiknebrettet. Ynskjer du å finne ut meir om saka kan du gå til Averøy Kommune si heimeside. Fristen for å komme med merknader er satt til 10.02.23 …
