Statleg finansiering av eldreomsorga gir større likskap

Kan det vere ein tanke for Surnadal kommune å søkje om å bli forsøkskommune med statleg finansiering av eldreomsorga? spør Nils Petter Tonning og Johs J. Vaag fra Frp.

Kan det vere ein tanke for Surnadal kommune å søkje om å bli forsøkskommune med statleg finansiering av eldreomsorga? spør Nils Petter Tonning og Johs J. Vaag fra Frp.

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Regjeringa har lagt fram sitt forslag til statsbudsjett for 2021. I dette forslaget går det fram at forsøksordninga med statleg finansiering av eldreomsorga skal halde fram. 6 nye kommunar skal kome med.

I mange av kommentarane til budsjettforslaget blir det framheva at ulikskapen i det norske samfunnet har auka. Eit grep for å motverke skilnadane i kommunane når det gjeld eldreomsorga er å gå inn for statleg finansiering av denne viktige omsorga. Det er nemleg ei kjend sak at det er store skilnader når det gjeld nivå og omsorg på eldreomsorga. Senter for omsorgsforsking har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet undersøkt stoda innan eldreomsorga i Kommune-Norge. Rapporten viser at det er store skilnader, avhengig av kor ein bur i landet. Ei rekkje kommunar har ikkje ei eldreomsorg som oppfyller lova sine krav. Dette er sjølvsagt ikkje bra og må snarast rettast opp. Slik skal vi ikkje ha det i Velferds-Norge!

Ved å innføre statleg finansiering av eldreomsorga, slik FrP ivrar for, vil ein kunne oppnå å få større likskap kommunane i mellom. Svake grupper, som eldre omsorgstrengande gjerne er, vil ved ei slik finansieringsform kunne bli sikra meir like minimumstilbod uansett kor ein måtte bu i dette landet. Gode, framtidsretta og utjamnande forslag om tiltak og opplegg for ei god eldreomsorg bør vurderast seriøst og takast på høgst alvor same kva politisk farge det måtte vere på dei som kjem med forslaga!

Det blir hevda at får kommunane overført nok pengar blir det også ei god eldreomsorg. Slik treng det slett ikkje å gå. Det finst det mange døme på. Velkjent er evalueringa av bruken av eldremilliarden kommunane fekk i si tid etter «eldreopprøret», som heidersmannen Per Hovda hadde mykje av æra for, som viste at ein stor del av pengane blei brukt til heilt andre føremål enn eldreomsorg.

Det blir frå deler av venstresida i norsk politikk hevda at private aktørar ikkje skal tene pengar på å drive med eldreomsorg. Dette skal berre vere ei oppgåve for det offentlege samt ideelle organisasjonar. Uttrykket «velferdsprofitørar» har blitt bruka i denne samanhengen. Ut frå denne tankegangen må det vel vere greitt med statleg finansiering av eldreomsorga i dette landet.

I Midt-Norge er Sp-styrte Stjørdal, med den kjende ordføraren Ivar Vigdenes i brodden, og Ap-styrte Selbu med på ordninga med statleg finansiering av eldreomsorga. Vi har ingen grunn til å tru anna enn at røynslene frå desse to kommunane er gode. I Surnadal har Sp og Ap skifta på å ha styringa av kommunen. No er det Sp som er i føringa. I førre periode var det Ap.

Kan det vere ein tanke for Surnadal kommune å søkje om å bli forsøkskommune med statleg finansiering av eldreomsorga? Kommunen skulle ha svært gode føresetnader for å kunne få til dette på ein god måte.

Vi vil oppmode Surnadal kommune om å invitere representantar frå nabokommunane Stjørdal og Selbu til Surnadal for å informere om røynslene sine med å vere forsøkskommunar med ordninga statleg finansiering av eldreomsorga.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken