Statens Vegvesen, for folket?

Av
DEL

MeningerHar drevet med samferdselspolitikk i meir enn 20 år, og, har aldri før sett eit samferdselsprosjekt som er så greinalaust dårleg at strategisjefen i Statens vegvesen til stadig må skrive lesarinnlegg, kronikkar og lobbyere for Møreaksen.

Fortsatt til gode å finne ein sunnmøring eller nordmøring og store delar av Romsdalen, som springer etter eller vil gå i «fakkeltog» for å bruke 25-35 milliard kr til ny, promenade til Molde og gjennom Molde by, for 2.300 bilar over Romsdalsfjorden.

Når Ålesund sine vegsystem i til dømes Vegsund- Blindheim med meir enn 20.000 bilar i døgnet står der heilt uten at Statens vegvesen levner dette ein tanke, blir det nærmast patetisk å høyre på Kjetil Strand i Statens vegvesen.

Når næringslivet i Vegsund-området som må bruke Veibustkrysset nærmast blir motarbeid av STVV i årevis, blir det ikkje betre for desse store bedriftene at Kjetil Strand skriver kronikkar om Møreaksen, når han istaden burde bruke tida si på verkeleg problemområder på riksvegnettet her i fylket.

Et fiktivt vegvalg med fiktiv sjef

Orten: – Jeg har god samvittighet for den jobben jeg har gjort

Vegvesenet: - Misvisende påstander fra Romsdalsaksen

Eg trudde vi hadde politikarar for å drive politikk her i landet, og administrasjon og byråkratar som hadde si oppgåve på vegner av dei folkevalgte og folket.

Har aldri før opplevd at ein strategisjef i Statens vegvesen aktivt tar del i ein politisk debatt i eit enkelt vegprosjekt andre stadar i landet, og slett ikkje når dette er i total strid med folkemeininga.

At dei som skal utføre dei administrative oppgåvene på vegner av dei folkevalgte, midt i debatten om ny nasjonal transportplan NTP aktivt tar del i den offentlige debatten, gjer at heile Statens vegvesen region midt blir mildt sagt inhabile.

Svært mange har kritisert kraftig Statens vegvesen region midt si rolleblanding, men det ser overhode ikkje ut til at Kjetil Strand og STVV region midt har evner til å forstår dette. Skal bli interessant å sjå kva kontrollutvalget i fylket kjem fram til i si gransking av Møreaksen, og eg ser slett ikkje vekk ifrå at andre kontrollinstanser høgare i det statlege systemet tar fatt i denne saka etter kvart.

Eg har i hver fall bestemt meg for å bringe denne saka og all «ureint trav» som er ikring Møreaksen saka inn for vår Stortingsgruppe slik at dette kan bringast vidare til dei statlege kontrollorgana.

Er rett og slett så lut lei av påstandar og lobbyverksemd frå Statens vegvesen region midt ang Møreaksen, at no er det nok.

Dersom Møreaksen vert bygd, vil dette reise med vegmidlane her i fyllet for mange tiår framover. Eit prosjekt her til 25-35 milliarder kroner fører til «totaltørke» for alle andre samferdselsprosjekt i resten av Møre og Romsdal fylke.

Vi har arbeid og venta på 2 milliarder for utbetring av Romsdalen i snart 30 år, og pengane har ikkje kome enda. Dersom Møreaksen stikk av med milliardane for 2.300 bilar i døgnet, kva blir då igjen til resten av fylket?

Når har Kjetil Strand i Statens vegvesen tenkt å skrive kronikkar om

- E-39 Blindheim- Breivika

- E-136 Romsdalen, fleire prosjekt.

- E-39 Molde- Kristiansund

- RV 70 inn mot Kristiansund

- E-39 til Kanestraum

- E-136 Veblungsnes

- E-136 Lerstadvegen

- E- 39 Festøya-Volda

- E-136 Hjelviktunellen

- E-135 Ørskogfjellet

- E-39/136 Brusdalen

- RV 70 fullføring der.

- RV 70 Sunndal til Trøndelag grense

- RV 70 Gråura

- E- 39/136 forbi Ørskog sentrum

- Borgundfjordtunellen

- E-136 Måndalen

- E-136 Innfjorden

- RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger

- Hafast

- Halsafjordkryssinga

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags