Blant dei mange lokale historielagsårsskriftene har eg i år lese «Årsskift frå Stangvik Historielag» med ekstra interesse. Eg deltok på den svært vellykka jubileumsmarkeringa i mai, med både utstillingar i Bondehuset og med orienteringar om miljøet rundt. Og eg fekk inntrykk av at årsskriftet i år i stor grad ville ha med stoff frå denne markeringa og om og frå 100-årsjubileet til Bondehuset.

Eg må vel no vedgå at eg synest det store og dominerande Bondehuset godt kunne fått ein større plass i årsskriftet. Det er langt mellom dei lokalsamfunna som såpass tidleg fekk ein slik samlingsstad, og kyrkja og Bondehuset vitnar saman om den sentrale plassen Stangvik lenge hadde på Nordmøre. Bondehuset pregar då også framsida på årsskriftet.

Men då blir det også mangelfullt når ingen av avisoppslaga eller fotografia korkje i Bondehuset i mai eller i heftet no fortel noko frå dei 10-15 mest dramatiske åra i Bondehusets historie. Dei store politiske møta utover på 1930-talet, og bruken av huset under andre verdskrigen, er rett og slett utelatt. Det gjeld m.a. det stor mobiliseringsmøtet Quisling hadde på Bondehuset 18. april 1933, på turne som avgått Bondeparti-statsråd rundt i landet før han i Oslo stifta Nasjonal Samling 13. mai. I Stangvik skal det ha vore rundt 1.000 personar på møtet i bondebygda der Quisling hadde fleire støttespillarar, og det etter kvart vart mange som følgde han gjennom krigsåra. Stangvik vart som kjent den fremste NS-bygda i Møre og Romsdal. Og både på Fylkesgalleriet – og i gamle fotoalbum i Stangvik – skal det finnast fleire interessante foto frå denne dramatiske perioden i Stangvikbygdas historie.

Då Kåre Willoch døydde nyleg, sende NRK eit interessant program der Willoch mellom anna reflekterte over kor viktig historia i eit land er både for læring og inspirasjon. Eit slikt resonnement krev også at ein ikkje underslår dei ubehagelege eller vanskelege sidene av historia. Ut frå ei slik oppfatning om historiefaget og nytten av det, synest eg nok at Stangvik og Bondehusets historie hadde fortent ein meir fullstendig presentasjon – utan blanke minnesider.