Forsterker laget med storscorer fra rivalen

Mari Gjul går fra Sunndal til Surnadal.

Mari Gjul går fra Sunndal til Surnadal.

Mari Gjul klar for Surnadal.

DEL

I ei pressemelding skriver den nyopprykkede andredivisjonsklubben følgende:

- Det er med stor glede vi kan melde at Mari Gjul (18) skal spele for Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag i 2. divisjon kommande sesong.

Gjul melder overgang frå Sunndal, der ho har vore ein viktig spelar dei siste fire åra, etter overgang frå Søya. Allereie i 2014 fekk Mari åtte kampar i 2. divisjon, før det året etter vart ni kampar og tre mål, samtidig som ho vart kåra til Årets unge spelar på Sunndal sitt damelag.

Dei to siste åra har den hurtige angriparen verkeleg sett sitt preg på 2. divisjon, og både i 2016 og 2017 vart Mari toppscorar for damelaget til raudtrøyene.  Med 11 mål på 18 seriekampar i 2016 og 14 seriemål på 14 kampar i 2017 sikra ho seg like godt tredjeplassen på toppscorarlistene i 2. divisjon begge sesongane – ein imponerande prestasjon!

Totalt står Mari Gjul, trass sin unge alder, oppført med råsterke 51 kampar og 29 mål for damelaget til Sunndal, og vi gler oss veldig til å sjå stangvikgjeldingen dunke inn mål for Surnadal/Søya/Todalen i årets sesong.

Denne signeringa gjer at vi styrkar ein allereie sterk spelarstall, og vi er svært glade for å ha sikra oss underskrifta til ein av 2. divisjons aller beste angriparar.

Send inn tekst og bilder «

DEL MED OSS: Skriv om ditt lag og din sportsopplevelse!

Artikkeltags