Ny løyperekord for kvinner i Flemstubben

Live Teoline Solheimdal var best.

Live Teoline Solheimdal var best. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ein strålande seinsommardag i Flemma vart krona med ny løyperekord for kvinner i Flemstubben søndag.

DEL

Vêret spelte overraskande på lag da Flemstubben gjekk av stabelen for 37. gong.

Landevegsløpet på 10 km, med start og målgang ved Flemma grendahus, freista mange til å ta turen rundt om grendene Flemsetra og Gagnat i sola.

Deltakarar i alle aldrar

Over 100 deltok i familie- og trimklassen, og alle aldrar var representerte. Aud Jenssen fylte nyleg 88 år, medan den yngste var 13 dagar gamal og enda namnlaus. I hans familie er det sterke tradisjonar for å delta i løpet. Mor Kristine Dyrli Flemsæterhaug har delteke kvart einaste år sidan ho vart fødd, og mormor Britt Anne Dyrli Flemsæterhaug har delteke i alle åra løpet har vore arrangert.

Storebrørne Peter og Martin Ødegård Flemsæterhaug gjennomførte både Flemstubben og barneløpet på 300 meter. Til saman ni av dei aller minste deltok i barneløpet. Det vart også arrangert eit kortløp på 1,5 km for 12-15-åringar. Her var det fem deltakarar, og Trym Gagnat vann.

God deltaking på tid

I klassane som sprang på tid var det i år god deltaking med 25 som gjennomførte både i aktivklassen og i turklassen. Turklassen vart vunne av 13 år gamle Johan Fredriksen Orset frå Torvikbukt IL på tida 41.23, framfor faren Carl Gunnar Orset (47), også han frå Torvikbukt IL, på tida 44.31.

I aktivklassane var det ei som utmerka seg spesielt i år. Live Teoline Solheimdal (19) frå Vidar SK, tok leiinga frå start og tok godt vare på denne heilt inn til mål. Ho sprang inn på tida 36.09, som er ny løyperekord for kvinner.

Ho slo med dette den 23 år gamle løyperekorden som har stått sidan Inger Hilde Moltubakk sprang inn til tida 36.56 i 1993. Dette vart den andre løyperekorden Solheimdal sette på ei veke, etter at ho vann Stornebba opp i Vistdal sist helg. Ho kommenterte at ho under Flemstubben framleis var prega av løpet sist helg, men ho greidde å gi på i motbakkane sjølv om dei var tunge.

Solheimdal var 1.38 raskare enn bestetida blant mennene. Denne var det Are Uran (42) frå Havørn som stod for. Flemstubben var for hans del eitt av 36 løp i år, og også han deltok i Stornebba opp sist helg, der han kom på andreplass. Ved sidan av alle løpa han deltek i, finn Uran også tid til å sanke Stikk Ut-turar, og ser ut til å bli kåra som Stikk Ut-konge for fjerde år på rad.

Lokale aner

Tidlegare i år deltok Solheimdal på både 10.000 og 5.000 m i NM for senior. Her tok ho høvesvis gull og sølv. I fjor sette ho også norsk rekord på 10.000 m for junior. Vidare i haust satsar ho mot EM i terreng i Italia i desember.

Det var ekstra artig for Live Solheimdal å konkurrere i Flemma, fordi ho har aner frå bygda. Eine oldemora hennar var Gulløv Teoline Hanaset frå Strandheim (Olausstua), og eine oldefar hennar var Arnold Sæther frå Nørhaugen/Bjerkeli.

HER ER RESULTATENE

Send inn tekst og bilder «

DEL MED OSS: Skriv om ditt lag og din sportsopplevelse!

Artikkeltags