Vil endre haldningar

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

TINGVOLL: Ved å nytte sidemålet i andre fag enn norsk, skal aksepten og kunnskapen for nynorsk aukast. Torsdag held Nordmøre Mållag seminar om emnet på Tingvoll.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisa og alt innhold på nett

– Bakgrunnen for seminaret er å få elevar til å bruke sidemålet. Dette skjer ved at elevar som brukar bokmål får bruke nynorsk i eit anna fag enn norsk, både i tavleundervisninga, i lærebøkene og på prøver. Ved at undervisninga i til dømes KRL, naturfag eller samfunnsfag skjer på sidemål, får elevane det inn gratis, uttalar Nils Ulvund i Nordmøre Mållag.

Denne teorien er prøvd ut i praksis på Åndalsnes ungdomsskole. Som eit forsøk har elevar ved Rauma-skulen brukt nynorsk sidemål i andre fag enn norsk. Forsøket gjekk ut på å sjå om bruk av nynorsk utanfor norsktimane førde til endring i haldningar, og til større dugleik i nynorsk.

– Vi vart svært nøgde med forsøket, seier Åndalsnes-rektor Geir Grav. I utgangspunktet var elevane til dels skeptiske til nynorsk, men etter kvart som forsøket heldt fram endra elevane haldningane sine. Resultatet vart så bra at vi utvida forsøket til å gjelde fleire klassar det neste året, og vi held fram også i år.

Artikkeltags