Tradisjonell julekonsert

Av
Artikkelen er over 17 år gammel

Årets julekonsert i Aure gjekk av stabelen etter tradisjonell lest, og som vanleg med mange fine innslag.

DEL
Ikkje minst syntest vi arrangøren Aure Songlag kom godt i frå dei to avdelingane sine. Samleis stod Åsta Andreassen saman med organist Alexei Kourbanov for ei sviskeprega avdeling som nok fall i smak hos ei ikkje heilt fullsett Aure kyrkje.

- Det er fire grunnpilarar som har prega julekonsertane i Aure dei seinar åra, nemleg Aure Skolemusikk, Skarsøya Skolekorps, Aure Songlag og dei dyktige organisatane vi har vore så heldige å ha hatt, sa leiar Aud Wikan i arrangørlaget Aure Songlag då ho opna årets julekonsert. Og at det var desse aktørane som sette sitt preg på årets julekonsert også var udiskutabelt.

Og eit ikkje altfor talrikt publikum fekk høyre alt frå dei kjente kjære jule songane til litt meir barokkprega ting, signert klassikarar som Haydn og Bach. Aure Songlag hadde utvilsamt budd seg godt til sin eigen konsert, og deira to avdelingar var absolutt av høgdepunkta. Dei ser ut til å rå over eit bra mannskap, og mannsstemmerekkja er vel sterkare enn på lenge. På to av numra hadde dei med solistar, Marit Raanes, sopran, og Åsta Andreasen, fløyte i tillegg til organist Kourbanov. Bra samspel, og godt "trøkk" i koret. Solist Raanes sleit vel litt, men fekk etter kvart vist at ho har potensiale.

Åsta Andreassen og Alexei Kourbanov bidrog også med eiga avdeling, med svisker frå barokken. Absolutt eit kjærkome pust frå eit litt anna reportoir, sjølv om det sjølvsagt er juletonar ein er kome for å høyre på ein julekonsert.

Begge dei to skulekorpsa sette naturelg nok sitt preg på konserten, og først ute var Skarsøya Skolekorps, som vanleg leia av Reidar Lie. Korpset er ei fin blanding av unge og eldre, og det ser ut til at det er mange som er over grunnskolealder som framleis finn gleda av å spele i korps.

Skarsøya Skolekorps framstod med mykje tung messing i instrumenteringa, og sjølv om lyden var upåklageleg rein, sakna vi vel litt meir "fres" i nokre av numra. Litt "baktunge" var dei.

Aure skolemusikk har ikkje den same gjennomsnittsalderen, sjølv om dei og har eit par-tre "overårige". Dei spelte også denne gongen ein del songar frå Skomakargata, og greidde seg fint, skjønt litt meir dynamikk kunne vi vel ha ønskt her, og. Men når dei mange aspirantane, (som også delvis var med denne gongen) kjem med, burde dette korpset ha eit godt potensiale.

Elles var det Asbjørn Barlaup som heldt andakt.

Litt daudt
Ein konsert i tradisjonell stil var det, med tradisjonelt reportoir og med velkjende aktørar.

Og som sedvanleg litt daudt dei to timane igjennom. Kanskje hadde vore ein tanke med ein konferansier eller liknande som kunne ha teke litt betre vare på både publikum og aktørar. Slik desse konsertane er lagt opp i Aure, blir det liksom ingen glød, ingen skapar forventningar verbalt og engasjerer publikum. Og når det da i tillegg går ein time og tre kvarter før den første applausen rungar, (for det er visst ikkje noko i vegen for å applaudere), blir det gjerne i meste laget med andektig stemning.

Og før konserten ebba ut til tonane av "Deilig er jorden", overrekte Kolbjørn Kjørsvik på vegne av Aure kommune og publikum blomter til dei mest sentrale aktørane, noko som altså utløyste fortent applaus. Eit godt og kjærkome tiltak er denne konserten, der Aure kyrkje er eit framifrå lokale lydmessig, om kanskje ikkje reint scenemessig. Om den store julestemninga seig innover folk skal vi ikkje garantere for, men det er i alle fall ikkje aktørane si skuld. Kanskje kan det gå an å skulde litt på Vår Herre, som ikkje ser ut til å ville legje si snøkvite hand over nordmørsbygdene i år.

Artikkeltags