Tidens Krav fekk Målprisen 2007

Journalist Anders Todal (til venstre) mottok prisen av Jon Ingvald Håbrekke i Fosen Mållag og Liv Krumsvik i Nordmøre Mållag.

Journalist Anders Todal (til venstre) mottok prisen av Jon Ingvald Håbrekke i Fosen Mållag og Liv Krumsvik i Nordmøre Mållag.

Artikkelen er over 12 år gammel

Tidens Krav fekk Målprisen 2007 til Nordmøre Mållag.

DEL

Journalist Anders Todal frå Aure mottok prisen på vegne av avisa som dei seinare åra har tatt til å bruke nynorsk skriftspråk i stadig større grad.

– Tidens Krav viser med dette at avisa tek omsyn til at nordmøringane har solide røter i nynorsk språk- og kulturbakgrunn, sa leiaren i Fosen Mållag, Jon Ingvald Håbrekke som overrakte prisen.

– Tidens Krav har hatt ei positiv utvikling i å sleppe nynorsk til i spaltene sine, frå å omsette innsende nynorskinnlegg til riksmål/bokmål til at avisa i dag brukar nynorsk i fleire av reportasjane få kommunar som har nynorsk som skule- og administrasjonsmål og dei andre nordmørskommunane, sa Håbrekke.

Todal målbar takk og gode ord til avisa si som har slept laus nynorskskrivande journalistar i spaltane.

– Det er spesielt, sa Todal som fekk pris, plakett og blomar.

Artikkeltags